Politikk og samfunn

«All bruk av atomvåpen vil føre til katastrofale konsekvensar»

Den tryggingspolitiske situasjonen viser at det ikkje finst ansvarlege atomvåpenstatar eller trygge hender for masseøydeleggingsvåpen, skriv Tuva Krogh Widskjold.

Tuva Krogh Widskjold
Koordinator ICAN Norge – Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Torsdag 22. januar 2026 er det fem år sidan FN sitt atomvåpenforbod, den første internasjonale avtalen som forbyr alle atomvåpen, tok til å gjelde, og atomvåpen vart forbodne etter internasjonal rett.

Med dagens tryggingspolitiske situasjon er FN sitt atomvåpenforbod viktigare enn nokon gong. Forbodet har styrkt norma mot atomvåpen og endra både forventningar og politikk. Det gjer meg, deg og oss alle tryggare.

Finst ikkje trygge masseøydeleggingsvåpen

Den tryggingspolitiske situasjonen viser at det ikkje finst ansvarlege atomvåpenstatar eller trygge hender for masseøydeleggingsvåpen.

Noreg bør slutte seg til fleirtalet av statane i verda, styrkje norma mot atomvåpen og gå inn i FN sitt atomvåpenforbod.

FN sitt atomvåpenforbod forbyr all verksemd knytt til atomvåpen. Dette omfattar mellom anna bruk, eigarskap, utvikling, testing og trugsmål om bruk. Statane som i dag har atomvåpen og vel å slutte seg til avtalen, forpliktar seg til ei verifiserbar og irreversibel demontering av atomvåpenarsenala sine.

Forbodstraktaten vart vedteken av eit stort fleirtal av FN sitt medlemsland i 2017, og tok til å gjelde i 2021 etter at 50 land ratifiserte avtalen. I dag har eit fleirtal av FN sine medlemsland anten signert eller ratifisert traktaten. Akademikarar, råka samfunn, aktivistar og diplomatar er berre nokre av gruppene som har vore involverte i arbeidet med forbodet.

Umogleg å ha reell beredskap

Vitnemål og erfaringar frå overlevande etter atomvåpenåtaka mot Hiroshima og Nagasaki, og frå lokalsamfunn råka av atomvåpenstatane sine over 2000 prøvesprengingar, har vore og er i kjernen av FN sitt atomvåpenforbod. Traktaten inneheld positive forpliktingar som skal sikre ofra anerkjenning, medisinsk oppfølging og miljømessig opprydding

Det er umogleg å ha reell beredskap mot atomvåpen – øydeleggingane er for store.

FN sitt atomvåpenforbod set erfaringane til menneske som har kjent konsekvensane på kroppen i sentrum, og bringar på den måten meir realisme inn i debatten.

Gjennom FN sitt atomvåpenforbod slår fleirtalet av verdas statar fast at trugsmålet om massedrap på sivile, som kjernefysisk avskrekking inneber, ikkje gjer oss tryggare.

All bruk av atomvåpen – anten som følgje av ei misforståing, ei ulukke eller med vilje – vil føre til katastrofale humanitære konsekvensar og inneber stor risiko for vidare eskalering.

Noreg er ikkje med

Noreg støttar i dag opp om amerikanske og britiske atomvåpen. Dette gjer vi mellom anna gjennom å delta i øvingar der vi trenar på bruk av desse masseøydeleggingsvåpena i Europa, og ved å røyste avhaldande eller mot resolusjonar i FN som skal bidra til nedrusting.

Noreg er blant eit lite mindretal som tviheld på ideen om at vi må vernast av atomvåpen for å vere trygge.

Slik er vi med på å svekkje norma mot atomvåpen og skjerme atomvåpenstatane frå press om nedrusting.