«Noreg må sikre reelt vern for iranarar på flukt»
Å returnere menneske til eit regime som fengslar og forfølgjer meiningsmotstandarar, er uforsonleg med norske verdiar, skriv Mathias Berntsen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Iran er igjen i flammar. Demonstrasjon mot eit autoritært regime blir møtt med fengsling, tortur og dødeleg vald. Kvinner, studentar, journalistar og minoritetar betaler ein høg pris for å krevje fridom og verdigheit. Likevel blir reaksjonane frå det internasjonale samfunnet, også Noreg, opplevde som forsiktige – nesten unnvikande.
FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, har uttalt at «Drapa på gatene i Iran kan ha avteke, men brutaliteten held fram». Samstundes har nobelprisvinnar Malala Yousafzai sagt på X at dei pågåande protestane «ikkje kan skiljast frå dei langvarige, statleg pålagde restriksjonane på jenter og kvinner sin autonomi» og la til: «Iranske jenter, som jenter overalt, krev eit liv med verdigheit.» Desse stemmene minner oss om at dette ikkje berre handlar om geopolitikk, men om menneske som risikerer alt for grunnleggjande fridomar.
Kva tyder dette for Noreg?
Noreg likar å sjå seg sjølv som ein forkjempar for menneskerettar. Vi deler ut Nobels fredspris, deltek i fredsprosessar og snakkar høgt om demokratiske verdiar. Nettopp difor blir det ekstra påfallande når reaksjonane våre er uklare i møte med grove overgrep. Samstundes må vi erkjenne realpolitikken.
Iran er ei regional stormakt, og ustabilitet i Midtausten påverkar både global tryggleik, energimarknader og migrasjon. Då Jens Stoltenberg var Nato-sjef, uttalte han «I fleire år har våre allierte uttrykt utryggleik i forhold til Irans destabiliserande aktivitetar i Midtausten. Vi er samde om at Iran aldri må få utvikle atomvåpen, vi deler bekymringa rundt Irans missiltestar, og vi er foreint i fordømminga av Iran si støtte til forskjellige terrorgrupper.»
Auka uro i Iran kan føre til fleire menneske på flukt, auka regional spenning, og ytterlegare svekking av folkeretten. Dette er ikkje eit fjernt problem, men ein del av den verda Noreg er vove inn i.
Kva burde Noreg gjere?
Noreg må tore å vere tydelegare – utan å vere naive. For det første bør norske myndigheiter bruke ei klårare politisk røyst. Menneskerettsbrot i Iran må fordømmast offentleg og konsekvent, også når det er diplomatisk krevjande. Tausheit kan fort oppfattast som aksept.
Vidare bør Noreg støtte målretta sanksjonar mot iranske makthavarar og institusjonar som står bak undertrykkinga, samstundes som sivilbefolkninga blir skåna. Tiltak som rammar vanlege folk hardast undergrev både legitimitet og effekt.
Noreg må også sikre reelt vern for iranarar på flukt. Asylsøknader må behandlast med forståing for alvoret i situasjonen. Å returnere menneske til eit regime som fengslar og forfølgjer meiningsmotstandarar, er uforsonleg med norske verdiar.
Til slutt bør Noreg auke støtta til sivilsamfunn, uavhengig media og menneskerettsforkjemparar – også i eksil. Demokratisk endring skjer ikkje ovanfrå, men gjennom menneske som tør å gi stemma si.
Eit val er ikkje berre ei utsegn
Dette er ikkje tida for forsiktige formuleringar og stille diplomati bak lukka dører. Når eit regime skyt på sitt eige folk for å halde på makta, held det ikkje å følgje situasjonen nøye. Då må ein ta stilling.
Noreg kan ikkje kalle seg ein forkjempar for menneskerettar berre når det er politisk komfortabelt.
Historia vil dømme kven som stod opp, og kven som såg bort. Noreg bør sørge for å vere på rett side.
Ikkje med forsiktige formuleringar eller symbolpolitikk, men med tydelege val og reell handling. Når menneske risikerer liv og fridom for grunnleggande rettar, er det også eit ansvar å handle, for dei som har moglegheit til det.
Tystnad no er ikkje nøytralt – det er eit standpunkt.






