Skeiv på Kyrkjemøtet: «Eg kan ikkje ta denne kampen åleine lenger»

Anna Riksaasen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten stod først publisert på Facebook, og er sett om og gjeve att med løyve.

Korleis er det å vere skeiv på Kyrkjemøtet? Jo, det skal eg fortelje deg. Det er eit minefelt av meiningar, der du ikkje veit når du vil møte på ei farleg haldning som vil slå deg i magen og ut.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum starta Kyrkjemøtet med ei opningstale der ho sette ord på det som gjer vondt. «Å verte avvist er vondt. Men når du får høyre at Gud snur ryggen til deg fordi du er den du er eller elskar den du elskar, då bryt det verkeleg på djupet».

Dagen etter vart det sagt frå talarstolen at å kome ut som skeiv er propaganda og at skeive ikkje vil arve Guds rike. Det stakk hardt. Kroppen reagerte fysisk og eg var på kanten til å måtte melde fråvær frå resten av Kyrkjemøtet.

Eg låg på sofaen resten av dagen og kjente på akkurat den same kjensla som då skota fall 25. juni. Den umenneskelege kjensla av hatet på kroppen. Eg er den samaritanske kvinna som gråt ved Guds føter. Den som ikkje har synda kan kaste den første steinen.

Det kosta både kropp og sjel å gå opp og seie at seksualiteten og identiteten min ikkje er propaganda.

Eg merka i ettertid at dette klarar eg ikkje gjere igjen. Etter orda oppe på talarstolen kom fleire med LHBTQ+-identitet bort til meg og sa takk. Dei vart sjølv lamma og slått av kva som vart sagt og visste ikkje kva dei skulle seie.

Det er mange ord som sit att etter Kyrkjemøtet. Nokre kom bort til meg i ein av pausane og sa: «Det er så viktig det du gjer, Anna. Vi treng nokon som kjem og rotar det opp litt så vi får rydda».

Jesus var ein som rota. Han var den som tok vekk skamma til den samaritanske kvinna. Han døydde jo akkurat for våre synder. Han rota opp i maktstrukturane og han utfordra oss.

Kyrkjemøtevedtaket frå 2016 seier at prestar som ikkje ynskjer å vie likekjønna par, kan la vere. Det kan eg akseptere, sjølv om eg synest det er tøft. Kommentaren om at skeive ikkje vil arve Guds rike, derimot, er noko heilt anna.

Eg, og fleire andre LHBTQ+, vert utrygge av slike utsegner. Vi får ikkje kome til Gud som heile menneske. Vi må til tider framleis skjule identiteten vår for å unngå diskriminering og vald, nettopp på grunn av slike utsegn.

Kyrkjemøtet har vedteke å skape trygge rom. Vi kan ikkje seie at vi tek vare på skaparverket om kyrkjeromma ikkje er trygge for alle, og det inkluderer Kyrkjemøtet! Vi har alle eit ansvar for diskrimineringa og skamma som kyrkja har påført og held fram med å påføre LHBTQ+.

Eg har bestemt meg for at eg ikkje kan ta denne kampen åleine lenger. Vi må stille dei med makt til ansvar for å stå opp mot uretten. Det kostar meg alt for mykje å gå opp der og stå opp mot ein urett som rammar meg sjølv. Det kostar heterofile, cispersonar veldig lite å gå opp på ein talarstol. Nettopp fordi de ikkje vil verte møtte med fordømming og hatretorikk om dykkar eige private liv. Det er eit privilegium alle må ta innover seg.

Tida er inne for at vi tek opp farlege haldningar i vårt eige trussamfunn og snakkar om skaden dei påfører LHBTQ+.

Sånn er det.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Helene Lunder Eriksen tenner dei tre første lysa i regnbogestaken. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg