Universitetet i Oslo er best i Noreg – og nummer 126 i verda
Universitetet i Oslo plasserer seg som nummer 126 på verdsrangeringa til Timers Higher Education for 2023. Det er ned sju plassar frå i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det gjer at universitetet er på førsteplass blant dei norske utdanningsinstitusjonane og nummer 53 i Europa, melder Uniforum.
Rangeringa over dei beste universiteta i verda vart publisert onsdag.
På topp tronar University of Oxford i Storbritannia framfor Harvard University i USA og med University of Cambridge i Storbritannia på tredjeplassen. Det private Stanford i California kjem på fjerdeplass. Storbritannia har også Imperial College London inne på lista over dei ti beste universiteta.
Dei sju andre kjem alle frå USA.
- Les også: Universitet og høgskular bryt mållova
UiO er best i landet
Denne gongen er det igjen RTH i Zürich i Sveits som gjer det best av universiteta utanfor den engelskspråklege verda. Dei hamnar på ein delt 11.-plass med Columbia University i New York.
Kinesiske Tsinghua University er best i Asia og kjem inn på 16.-plass på den internasjonale lista. Peking University kjem på ein 17.-plass, og dermed blir dei også nummer to og tre av universiteta utanfor Storbritannia og USA.
Her i landet er altså Universitetet i Oslo best, med Universitetet i Bergen på andreplass, NTNU på tredjeplass og Universitetet i Tromsø på fjerdeplass. Universitetet i Stavanger er nummer fem.