Undersøking: Fire av ti unge har delt passord med venner
Fire av ti barn og unge i alderen 9–18 år har delt passord med venner, ifølgje Medietilsynets undersøking. Like mange kan koden til bankkortet til foreldra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga Barn og medium 2022 vart lagt fram onsdag førre veke.
– Det er viktig å gjere barn og unge klar over kva dei sjølv kan gjere for å vareta eigen tryggleik på nett, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Andelen som har delt passord med venner aukar med alder, og ein større del jenter enn gutar har delt passorda sine med andre. Heile seks av ti jenter i 15-18-årsalderen har gjort dette, mot fire av ti gutar i same alder.
– Når vi deler passord, aukar risikoen for hacking. I tillegg får andre tilgang til bilete og innhald som er privat. Sjølv om det kan opplevast praktisk, er det ikkje tilrådeleg verken at barn deler passord med venner, eller at foreldre deler passord med barna sine, seier Velsand.
«Digital opprydding»
Kvart år markerer Norsk senter for informasjonssikring (NorsIS) nasjonal tryggingsmånad i oktober, mellom anna for å gjere folk meir medvitne på kva dei delar av informasjon med andre og i sosiale medium.
– Medietilsynet oppmodar alle til å bruke ein dag i oktober til å rydde opp i både personverninnstillingar og gamle appar og kontoar. I tillegg kan dette vere eit godt høve for foreldre til å ta ein prat med barna om risikoen ved å dele passord, og kva barna sjølv kan gjere for å vareta tryggleiken sin på nett, seier Mari Velsand.
No lanserer Medietilsynet og Forbrukarrådet ein eigen tryggingskampanje. Den skal informere barn og vaksne om risikoen ved å dele personleg informasjon i sosiale medium og eigne passord. Målet er å få så mange som mogleg til å ta grep for å gjere eigen nettbruk sikrare.
Koden til bankkort
Dataa til undersøkinga er samla inn og omarbeidd av Kantar Public på oppdrag frå Medietilsynet.
I undersøkinga kjem det fram at 42 prosent kan koden til bankkortet til foreldra. Andelen er sterkt aukande med alder, og gjennomgåande kan ein større del jenter (62 prosent) enn gutar (36 prosent) i 15-16-årsalderen koden til foreldra.
I undersøkinga kjem det også fram at 68 prosent kan passordet på mobilen til foreldra, medan 26 prosent kan foreldra sin kode til passordet til App store eller Google Play.
- Les også om arbeidskvardagen som etisk hackar: – Når ordet kjem opp vert folk automatisk redd for at eg skal hacke Facebooken deira, fortel Mia Landsem