Overraskande godt resultat for Bolsonaro i første valrunde i Brasil

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag 2. oktober gjekk brasilianarar til urnene for å røyste fram president, visepresident og nasjonalforsamling.

Det er presidentstillinga som verda verkeleg har følgt med på. Måndag morgon er 98 prosent av røystene talt opp.

Sitjande president Jair Bolsonaro fekk 43,5 prosent av røystene, medan motstandaren Lula da Silva fekk 48 prosent.

Dei to store presidentkandidatane i valet i Brasil 2022. Illustrasjon: Canva

Før valet viste målingar at Lula leia presidentkappløpet. Han låg potensielt an til å få meir enn halvparten av røystene, som ville ha vore uvanleg.

Likevel vart det ikkje stor skilnad mellom kandidatane. Sjølv om Lula vinn denne valrunden, gjer fordelinga at Brasil må ha ein andre valrunde.

For å bli president i landet må du få over halvparten av røystene.

Den andre valrunden blir 30. oktober.

Uroleg val

Fleire har vore bekymra for opptøyar under valet med to polariserte kandidatar. Ifølgje den nasjonale valdomstolen gjekk valet fredeleg for seg. Brasil har valplikt for folk mellom 18 og 70 år, og rundt 80 prosent deltok.

Likevel er det meldt om fleire valdshendingar på sundag.

I São Paulo gjekk blant anna ein væpna mann inn i eit vallokale og skaut to politifolk.

Det er også knytt spenning til siste valrunde i slutten av månaden.

For det er ikkje sikkert Bolsonaro kjem til å akseptere resultatet.

Tidlegare har han sagt at berre Gud kan fjerne han som president.


Ein demonstrant kledd flagget til Brasil framføre handkle hjå ein gateseljar med bilete av presidentkandidatane Lula da Silva og Jair Bolsonaro. Foto: AP Photo/Eraldo Peres)