Tiktokar arrestert i Saudi-Arabia for «umoralsk innhald»

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 01.08.2022 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Al Jazeera er den populære tiktokaren skulda for å ha delt seksuelt provoserande innhald på sine plattformer.

Politiet sa måndag at dei hadde arrestert ein egyptisk innbyggjar i Saudi-Arabia som skal ha «vore med i ei kringkasting på sosiale medium der ho snakka med ei anna kvinne med seksuelt innhald og antydning som kunne ha negative konsekvensar på den offentlege moralen».

Samtale med veninne

Safwan har nesten fem millionar følgjarar på TikTok og over 800.000 følgjarar på YouTube. Ho meiner klippet er teke ut av kontekst frå den fulle videoen for å skape skandale.

I videoen hadde Safwan bedt ei venninne til å kome over, sidan ho var einsam. Venninna hadde sagt nei, sidan klokka var 03.30.

 Endå betre, fordi då søv alle og då kan dei ikkje høyre kva eg skal gjere deg. Dei kjem ikkje til å høyre skrika dine … på grunn av kor kjekt vi kjem til å ha det, sa Safwan i videoen.

Nektar for lesbisk innhald

Dette har ført til hashtag-trenden «Safwan fornærmar samfunnet» på Twitter, ettersom homoseksualitet er ulovleg, og kan straffast med dødsstraff, i Saudi-Arabia.

Safwan nektar for at det er noko lesbisk innhald i videoen hennar, og seier at ho meinte ikkje å fornærme nokon. Tiktokaren seier at innhaldet har vorte tatt ut av kontekst for å lage ei skandale.

Les også: Skeive i Afghanistan: – Taliban fører drapsliste

Illustrasjonsfoto frå 2015: Daniel Halaby, ein skeiv syrar som flykta frå IS poserer med regnbogeflagget
Halaby og andre seier militantane ofte torturerer folk som er mistenkte for å vere homofile eller går gjennom PC-ane og mobilane deira for å prøve å finne andre homofile menn. (Foto: AP Photo/Hussein Malla)