Dansar i solidaritet med den finske statsministeren

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.08.2022 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under emneknaggen #solidaritywithsanna er sosiale medium for tida fylt opp med fest- og dansevideoar.

Folk frå heile verda, kvinner i alle aldrar og til og med nokre menn har slengt seg på trenden, for å støtte den finske statsministeren.

@belindamtl I’m no longer in politics but never stopped dancing. Women can perfectly do both. Here’s to #solidaritywithsanna ♬ origineel geluid – belinda torres leclercq

– Gjort heilt lovlege saker

Dei siste vekene har den finske statsministeren Sanna Marin (36) vore i hardt vêr, etter at festvideoar med henne vart spreidd og delt i media.

I filmane ser me henne danse med vener på ein privat fest. Ifølgje Marin var det ikkje meininga at desse videoane skulle delast med andre, men held fast på at ho ikkje har gjort  noko gale. Nokre meinte det var upassande oppførsel av ein statsminister, andre meinte tilliten var svekt dersom narkotika var involvert.

– Eg har dansa, sunge, festa og gjort heilt lovlege saker, sa ho under pressekonferansen då videoane vart kjende.

Videoane skal ha blitt delt på stories i Instagram, som forsvinn etter 24 timar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Else Kåss Furuseth (@kaassolini)

Bilete: Komikar Else Kåss Furuset saman med likestillingsminister Anette Trettebergstuen og KK-redaktør Ingeborg Heldal.

Bad om narkotest

Riikka Purra, leiaren av opposisjonspartiet Sannfinnane, og Mikko Kärnä, parlamentsmedlem frå regjeringspartiet bad om at Marin skulle ta ein narkotikatest, mellom anna fordi dei meinte ein kunne høyre nokon sei pulvergjeng i videoen, eit omgrep som skal vere assosiert med kokain.

Testen er tatt og var negativ, og ho har også sagt at verken ho eller andre hadde teke narkotika.

Fleire har også støtta Marin og meiner det må vere heilt innanfor å kunne ha eit privatliv med fest og moro, samstundes som ein gjer karriere – dimed dukka også dansevideoane med emneknaggen #solidaritywithsanna opp.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Line Petersen (@lpetersen92)

Ein av verdas yngste statsministrar

Dette er ikkje første gong privatlivet til Marin er oppe til offentleg diskusjon. Ho har også blitt fotografert på musikkfestivalar med denim-shorts med røffe kantar og skinnjakke, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved kor profesjonell ho er. Ho har også fått kritikk etter å ha vore på fest utan telefonen ho alltid skal ha på seg, då tryggleiksfolka hennar hadde prøvd å ringe og fortelje at ho hadde vore i kontakt med ein covid-smitta.

Andre applauderer den unge statsministeren for å vere meir tilgjengeleg og lett å relatere til, og at ho set eit døme på sunn balanse mellom jobb og fritid.

– Eg har eit familieliv, eg har eit jobbliv og eg har fritid som eg kan bruke med venene mine. Ganske likt mange andre på min alder, sa ho til den finske avisa Yle.

Då ho vart vald som statsminister i 2019, var ho verdas yngste statsminister. Ho representerer Finlands sosialdemokratiske parti og har vore gjennom pandemien, handtert nabolandet Russland medan Russland starta krig i Ukraina og nyleg vart Finland medlem av NATO saman med Sverige.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av NINA HÜPEN-BESTENDONK (@smaracuja)