Jane Lool (30) drøymer om å lage videoinnhald for Doja Cat og Ariana Grande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har alltid vore glad i å få folk til å le eller reagere på ein eller
anna måte med mitt eige innhald. Både med bilete og video, skriv Jane Lool i ein e-post til Framtida.no.
Angelika Jane Ela Bjørnstad, som ho eigentleg heiter, sa sommaren 2021 opp kontorjobben som kommunikasjonsrådgivar for å satse frilans som innhaldsprodusent.
– Under første lockdown var det jo ikkje stort å finne på etter jobb. Etter
vi hadde runda alle brettspel og seriar heime måtte eg finne på noko
anna.
Korona og TikTok vart startskotet
Tida gjekk til å scrolle på sosiale medium, laste ned TikTok og lage tullebilete og tullevideoar. Med koronainnhald kunne folk relatere seg til det ho la ut, og responsen kom kjapt. Fleire TikTok-videoar gjekk viralt og ho kjente motivasjonen steig. Dimed byrja ho å leike seg med litt enkel videoredigering og lærte meir og meir.
– Etterkvart var det nokon som plukka opp at eg kunne redigere videoar. Det byrja med at eg fekk nokre førespurnadar på DM om eg kunne lage innhald for deira bedrifter. Etter kvart blei det så mange førespurnadar at eg kunne seie opp “kontorjobben” min og satse fulltid på frilans.
Ho har alltid vore interessert i kva som skal til for å fange merksemda til folk på sosiale medium, men var ingen ekspert på verken film eller foto. Ho trur likevel bakgrunnen innanfor grafisk design og innovasjon og forretningsutvikling har vore ein fordel, både med tanke på det visuelle og for å drive sitt eige foretak.
– Men eg trur samstundes ikkje at det er nødvendig med formell utdanning for å kunne halde på med det eg gjer.
– Føler meg veldig heldig
Som sjølvstendig næringsdrivande forventa ho at det ville bli mykje jobb, noko ho også fekk rett i. Ein skal ikkje berre lage innhald, men også halde i alt av administrasjon, produksjonsutvikling, kommunikasjon, rekneskap og så vidare.
– Ein gong sende eg ikkje ut fakturaer på tre månadar fordi eg syntes det var så kjedeleg. Eg ville berre ta bilete, filme og redigere. Eg lærde leksa mi då, for å seie det sånn. No skriv eg faktura med ein gong eg er ferdig med eit oppdrag, hehe.
Ein av tinga ho var uroa for då ho sa opp kontorjobben, var om ho ville få nok oppdrag, noko som så langt har gått over all forventing. Ho trur det handla om at ho var på rett plass til rett tid – med rett nettverk. TikTok og Instagram Reels var på veg oppover, og det var mange som ønskte hjelp til å produsere innhald til desse kanalane.
– Eg føler meg veldig heldig som har det nettverket eg har, fordi dei første oppdraga kom alle gjennom bekjente frå sosiale medium.
Se dette innlegget på Instagram
Mykje scrolling på sosiale medium
Ein typisk arbeidsdag brukar Jane Lool om lag ein time på å planlegge dagen og oppdraga den dagen. Så er det som regel foto- eller videooppdrag, før ho brukar resten av dagen på redigering framfor PC-en, og prøver å få tid til å sende ut nokre fakturaar.
– Innimellom alt dette blir det ofte også en del scrolling på sosiale medium – eg må prøve å halde meg oppdatert!
Ho trur ein av feiloppfatningane av yrket er at folk trur at ein får veldig godt betalt, fordi mange trur at hovudarbeidet ligg i det å filme eller ta bilete.
– Men når ein reknar med både planlegging og etterarbeid er det å faktisk filme
eller ta bilete ein ganske liten del av jobben, seier ho.
Ein gong sende eg ikkje ut fakturaer på tre månadar fordi eg syntes det var så kjedeleg
Influencarar som kundar
Innhaldsprodusenten fortel at ho har fått høve til å jobbe med varierte kundar – frå influencarar til kulturinstitusjonar, og internasjonale aktørar som Starbucks og ølmerket Heineken, som ho har fått gjennom Very Agency.
– Eg synest det er spesielt morosamt å jobbe med influencarar fordi det
blir meir lekent og kreativt, og dei er ikkje redde for å prøve noko nytt.
Samstundes er det fint å jobbe med større aktørar som er veldig tydelege
på kva dei vil ha, seier ho.
Se dette innlegget på Instagram
Nokre oppdrag er ekstra nært hjarta og eit oppdrag som stikker seg ut, var då Det Norske Teatret skulle markere Skeivt kulturår, og ho fekk frie tøyler til å produsere noko til deira
Bikubekveld som heitte Queer Expressions.
– Eg set ekstra pris på å kunne produsere innhald som viser fram skeiv kultur.
I videoen sette ho saman ei rekke lhbtqia+menneske, for å vise litt av kor breitt miljøet er og særleg framheve dei som er dobbelminoritetar.
Se dette innlegget på Instagram
– Må alltid vere tilgjengeleg
– Kva er det beste med jobben?
– Det beste med jobben min er variasjonen. Eg har lett for å bli rastlaus
dersom det er veldig konkrete rutinar, men no får eg høve til å
bruke mi kreative side og utforske mange aspekt ved
innhaldsproduksjon. I tillegg får eg oppleve mykje forskjellig og møte
mange nye, og utruleg flinke, menneske.
– Kva er det mest utfordrande?
– Noko av det mest utfordrande er å vere kreativ “på staden”. Eg har
gjerne ein eigen prosess og periode med idémyldring, men nokre gonger er
det forventa at ein skal kome med idéar på ståande fot. Det kan vere
utfordrande i enkelte situasjonar.
I tillegg ligg alt ansvar og administrativt på ein sjølv, noko som kan ta ein del meir tid enn ho skulle ønske.
– Det gjer også at det blir veldig vanskelig å legge fra seg jobben – på mange måtar må ein alltid vere tilgjengeleg og alltid kontaktbar. Utan faste arbeidstider er det alltid noko som må gjerast, og ein blir aldri heilt ferdig med jobb.
Ho trur yrket passar for folk som treng eit utløp for si kreative side, og som ynskjer å uttrykke seg visuelt og skape nytt innhald i samarbeid med andre.
– Alt treng ikkje vere perfekt
– Kva draumar har du for framtida?
– Eg ynskjer å utvikle meg og lære endå meir, men aller mest ynskjer eg å
kunne lage innhald for Doja Cat og Ariana Grande, hehe. Neida, joda.
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Det høyrest veldig klisjé ut, men berre gjer di greie. Om det er nokon som
kan sosiale medium i dag, så er det ungdomar. Dei er først på trendane,
først på nye plattformar og dei tek til seg alt så kjapt.
Ho tipsar om å prøve å gjenskape innhald du likar, for å dimed bli kjend med ulike programvarer som Photoshop og Premier Pro:
– Det er i alle fall sånn eg lærte meg alt. Ver nysgjerrig, lag innhald du synest er gøy, prøv deg fram og leik rundt. Alt treng ikkje vere perfekt, sidan sosiale medium beveger seg så
fort handlar mykje om å lage relevant innhald der og då. Sikt deg inn mot
ein marknad du ynskjer å jobbe innanfor ved å produsere innhald som passar
til den sjangeren.
Jane Lool
Namn: Angelika «Jane Lool» Ela Bjørnstad
Alder: 30
Pronomen: Ho/hen
Yrke: Innhaldsprodusent
Utdanning: Grafisk design og innovasjon og forretningsutvikling