Studentflukt frå lærarutdanningar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Khrono har fått tal frå åtte av 12 lærarutdannarar i Noreg. Tala viser at det totalt er 696 ledige studieplassar ved lærarutdanningane per 30. september.

30 prosent ledige plassar

Totalt var det planlagt 2362 studieplassar for grunnskulelærarutdanningane, trinn 1–7 og trinn 5–10 samanlagt blant desse åtte institusjonane. Dei ledige studieplassane utgjer nær 30 prosent av totalen.

– Dette er ikkje berre eit distriktsfenomen, vi merkar nedgangen overalt, seier Asle Holthe, dekan ved lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet til Khrono.

– Alvorleg

Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk ved Nord universitet kallar situasjonen alvorleg.

– Situasjonen er alvorleg, og utfordrar institusjonane både på kvar ein tilbyr utdanning, og korleis ein tilbyr utdanning. Det er også alvorleg i forhold til kor berekraftig utdanningane blir når studentkulla blir reduserte, både i fagleg og økonomisk kontekst, seier han til Khrono.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK