Mia (20) vil verte verdas beste roadracer – og bevise at jenter kan køyre like fort som gutar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.06.2022 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når folk ser meg utan skindress tenkjer dei nok ikkje at det er roadracing eg driv med, seier Mia Rusthen på telefon til Framtida.no.

Ein del trur heller ikkje på ho, før dei får sjå bilete av 20-åringen på motorsykkel.

No satsar ho internasjonalt for å kome seg i verdstoppen i motorsporten.

Knekt kragebein og indre blødningar

Når Framtida.no slår på tråden held 20-åringen på å pakke kofferten. Dagen etter skal ho nemleg reise frå Drøbak til Tsjekkia for å køyre løp i det europeiske meisterskapet IDM Supersport 300. Ho er spent, men gler seg. Målet er å køyre inn til ei topp 10-plassering.

– Eg vert alltid veldig nervøs rett før starten går, men i mitt hovud betyr det at eg skal gjere noko som betyr noko for meg. Det gjer meg berre meir fokusert på at det er no eg skal prestere.

Mia Rusthen representerer Yamaha Skandinavia i det europeiske meisterskapet. Foto: Morten Opedal

Akkurat i det signalflagget varslar start, merker 20-åring at nervane slepp taket. Då er det berre ho, sykkelen og løpet, og ho skal pushe så mykje ho vågar.

Sporten er ikkje risikofri, med 30 førarar som startar omtrent likt og alle vil vere først over målstreken. Det er alltid ein motorsykkel bak deg og ein føre. Det er difor avgjerande at ein klarar halde hovudet kaldt og halde fokus, viss ikkje kan det gå gale.

 Det er ein risiko med det, men det er det som gjer det gøy, fortel Rusthen.

Det er som oftast i svingane uhellet er ute. Då ligg motorsyklane nesten parallellt med bakken, og eine kneet er centimeter frå asfalten. 20-åringen har til no vore heldig, og ikkje opplevd store krasj:

– Men eg har hatt ein del hjerneristingar, eg har knekt eit kragebein og hatt nokre indre blødningar.

Foto: Privat

– Ingen løyndom at idretten er mannsdominert

Av dei 30 løparane som stiller til start i Tsjekkia, er Mia Rusthen ei av berre to kvinner.

Også i Noreg er det ei overvekt av menn som driv med roadracing. Norges Motorsportforbund opplyser til Framtida.no at det no er 42 kvinner i landet med lisens, medan det er 607 menn.

– Det er ingen løyndom at det er ein mannsdominert idrett, seier Rusthen. 

20-åringen merkar at ho får mykje merksemd for å vere nettopp ei jente som køyrer fort.

– Eg trur nokre av konkurrentane mine synest det er kult, men nokre synest det er vanskeleg å verte køyrt forbi av ei jente med ein hestehale stikkande ut frå hjelmen.

Endå fordommar som at «motorsport er for menn» framleis er til stades, er eitt av dei store måla til Mia Rusthen å bidra til å bryte ned slike gamaldagse stereotypiar.

– Eg har eit mål om å nå toppen, men eg vil samstundes vere eit føredøme, og syne at det er mogeleg som kvinne å få det til i motorsport. Eg kan køyre like fort som alle gutane eg køyrer mot. 

Det andre store målet? Det er å konkurrere i VM – og å vinne.

Bensinlukt og lyden av bil

Det var aldri gitt at det var motorsport Mia Rusthen skulle drive med. Garasjen heime har alltid husa motorsyklar, men som liten let ikkje Mia seg imponere.

– Eg kunne ikkje brydd meg mindre enn eg gjorde. Det eg syntest var kult som liten var å danse ballett.

Men for seks år sidan spurde den motorinteresserte faren hennar, om ikkje Mia ville vere med til Rudskogen for å sjå løp. «Kvifor ikkje?», tenkte ho.

– Eg hugsar bensinlukta, stemninga på bana og lyden av bilar som køyrde forbi. Eg tenkte at dette her var jo eigentleg kult. 

Då faren spurde om ikkje ho ville prøve ein motorsykkel, tenkte Mia igjen; «kvifor ikkje?». I det ho sette seg på sykkelen, så var det gjort.

– Eg har alltid vore den vesle jenta som er bekymra for ting – det å dra til legen synest eg er kjempeskummelt – men eg fann ei meistringskjensle på sykkelen som eg ikkje hadde kjent før. Eg kjente meg tøff.

Foto: Privat

Motorsykkel på 250 kilo i 200 km/t

Sjølv om ballett og motorsykkelkøyring er to vidt forskjellige idrettar, så har dansetreninga prega den smidige køyrestilen Mia Rusten har i dag.

– I begge idrettane har detaljane sinnssjukt mykje å seie. I ballett handlar det om korleis du står, korleis du strammar magen og kor du fester blikket. På sykkelen må du òg bruke blikket, halde på styret og bruke beina for å flippe sykkelen, forklarar ho.

Å køyre motorsykkel er tungt arbeid, for ein lyt bruke kroppen for å styre. For å verte god bør ein vere uthalden, slik at pusten ikkje øydelegg for køyringa, og ein må vere sterk, særleg i kjernemuskulaturen.

– Sykkelen eg køyrer veg 250 kilo, og den skal eg drage med meg i 200 kilometer i timen – det vert veldig fysisk krevjande, seier 20-åringen. 

Noko av det viktigaste er likevel at ein har eit sterkt hovud:

– Du må trene mentalt, slik at du stolar på deg sjølv og har trua på deg sjølv. Utan det kjem du ikkje så langt. 

– Vi tenkjer langrenn er så stort, men…

Mia Rusthen satsar no blod, sveitte og tårer for å nå VM. For å kome eitt steg vidare, tok ho satsinga internasjonalt framfor i vesle Noreg.

20-åringen fekk sjokk første gong ho køyrde i utlandet. Over kor fort det er mogeleg å køyre på motorsykkel og over engasjementet frå publikum.

– Vi tenkjer langrenn er så stort, men så kjem vi ut av landet og skjønar at det ikkje er det – motorsport er stort, seier ho.

Men å satse i utlandet kostar endå meir pengar, i ein sport som allereie er dyr. Sykkelen og utstyret lyt vere betre, og ein eigen mekanikar må lønast.

– Det er utfordrande. Eg brukar mykje tid på å få hjula til å gå rundt, medgjev Rusthen.

Ved sidan av roadracing-karrieren er Mia Rusthen personleg trenar: – Det er veldig fint og gjevande å hjelpe folk eit steg vidare mot draumen sin, anten det er med trening eller kosthald. 
Foto: Morten Opedal

Sjølv om to løp allereie er køyrde, så har ho enno ikkje finansiering til å halde heile sesongen. Sjølv med samarbeidspartnarar og sponsorar på laget, lyt 20-åringen be framande avsjå nokre kroner via Spleis.

– Vi har ikkje ressursane til å få det til å få det til å gå i mål, nettopp fordi motorsport ikkje er så stort i Noreg endå, seier Rusthen.

Her til lands er motorsportmiljøet framleis ganske lite, sjølv om ei auka interesse i Formel 1 og Formel 2 også blør over i dei andre idrettsgreinene.

Norges Motorsportforbund opplyser om at miljøet rundt motorsport-greiner som MX og enduro er stort, medan andre er mindre. I roadracing har talet lisensierte som ynskjer å delta i NM-konkurransar falle dei siste fem åra, trass i at forbundet har sett ei auke i medlemstal generelt. Så få var påmelde at førre NM-runde vart avlyst.

Norges Motorsportforbund stadfestar òg at det per i dag er for dyrt og for lite medieinteresse til å leve av roadracing åleine.

Mia Rusthen har likevel trua, uansett om ho må banke på hundre dører før ho får eit ja som sikrar litt meir finansiering:

– Eg har bestemt meg for at eg skal nå toppen, og gjer meg ikkje før eg er der.


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro