KrFU med abortsemje på landsmøtet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byrjinga av september tok KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland til orde for å slå ring om dagens abortgrense, og gje opp kampen om å stramme ho inn.

På KrFU-landsmøtet i helga fekk forslaget støtte frå ungdomspartiet.

Med 60 stemmer for og 19 stemmer mot, gjekk KrFU inn for sjølvbestemt abort inntil veke 12. Det melder den kristne avisa Dagen.

Skuffa nestleiar

Avtroppande politisk nestleiar Joel Ystebø var ein av dei som var skuffa over utfallet. Han meiner vedtaket har betydeleg svekka KrFU si stemme for det ufødde barn sin rett til liv.

– Eg meiner at norsk politikk tapar noko ved at det tydelegaste partiet for dei ufødde barn sin rett til liv har gått vekk frå dette prinsippet, sa han ifølgje NTB.

Ystebø har tidlegare uttalt til NRK.no at han meiner abort ikkje bør vere lovleg i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv.

På landsmøtet vart Hadle Rasmus Bjuland i tillegg vald på ny som leiar.


Kollasj av Matt Gaetz og Olivia Julianna. Foto: Presse/gaetz.house.gov og Gen-Z for Change