Ungarn: Kvinner må lytta på fosterets hjartelyd før abort

Opposisjonen åtvarar om at det kan vere første steg på vegen mot abortforbod.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa i Ungarn har vedteke at helsepersonell må presentera tydelege livsteikn frå fosteret til kvinner som vil ta abort.

Det melder AP.

Ungarns statsminister Viktor Orbán vann på nytt i 2022, etter å ha sitte som statsminister sidan 2010. Foto: EU2017EE Estonian Presidency (CC BY 2.0)

Foster inn i grunnlova

Vedtaket trer i kraft frå og med torsdag 15. september. Dette er første innskrenkinga av abortrettar etter at statsminister Viktor Orbán i 2011 fekk innført ei ny omstridd grunnlov. Grunnlova slår mellom anna fast at embryo og foster skal vernast frå befruktning.

Abort har vore lovleg i Ungarn sidan 1953. I dag har landet fri abort fram til veke 12, ei grense som kan utvidast til veke 24 i særskilde tilfelle.

Gratis abort er berre eit tilbod til dei med dårlegast råd og kvinner må møta til rettleiing på eit familiekontor før abort.

Ifølgje Statista var det i fjor gjennomført i underkant av 22.000 abortar i Ungarn, noko som er nesten halvparten så mange som i 2010.

Mi Hazank-politikar Dóra Dúró. Foto: Jobbik Magyarországért Mozgalom

Ytre høgre-forslag

Den høgrekonservative statsministeren Viktor Orbán og partiet Fidesz er opptekne av tradisjonelle familieverdiar og har gjort fleire tiltak for å snu landets fødselsratar.

Vedtaket om at kvinner må få presentert livsteikn før dei kan ta abort vart initiert av ytre høgre-partiet Mi Hazank. Mi Hazank-politikar Dóra Dúró hylla vedtaket i eit Facebook-innlegg:

– Ei moglegheit for liv: Frå no av kjem mødrer til å lytte til fosterets hjarteslag. Etter mange års kamp har det endeleg skjedd. Ved å vedta Mi Hazán sitt forslag har regjeringa tatt eit skritt for verkeleg å verna alle foster frå og med befruktninga.

Judit Ráczné Földi frå partiet Democratic Coalition. Foto: Democratic Coalition

Opposisjonspolitikar Judit Ráczné Földi frå partiet Democratic Coalition meiner tiltaket er innført for å dra ut tida slik at kvinnene går over tida då det er lovleg med sjølvbestemt abort.

– I fleire land har slike restriksjonar vore startpunktet for ein prosess som har kulminert i abortforbod, åtvarar ho ifølgje Daily News Hungary.

Amnesty: – Vil bidra til at kvinner blir meir traumatisert

Også Amnesty International i Ungarn ser med stor uro på endringa, som dei meiner vil leggja press på kvinner som ynskjer abort.

– Denne endringa fører ikkje til noko, men vil bidra til at kvinner blir meir traumatisert og auka presset på kvinner som allereie er i ein vanskeleg situasjon, seier organisasjonens talsmann Aron Demeter ifølgje Deutche Welle til nyheitsbyrået AFP.


Les også: KrFU-leiar går mot moderpartiet i abortspørsmål

Leiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland, har teke til orde for at KrF skal verna om dagens abortlov. Foto: KrFU