Medietilsynet: Halvparten av borna meiner foreldre legg ut bilete av dei utan å spørje

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre halvparten av borna som det har blitt delt bilete av, seier at dei har blitt spurde, skriv Medietilsynet på sine nettsider.

– Vi meiner det er viktig at foreldre er gode rollemodellar, og lærer borna om kritisk medieforståing. Ein viktig regel er å alltid spørje før ein deler bilete eller video av nokon i sosiale medium. Her bør dei vaksne gå føre som eit godt eksempel, men ifølgje våre undersøkingar opplever mange born at foreldre syndar mot dette, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet i pressemeldinga.

– Viktig å respektere

Dette er første gong Medietilsynet har tal som gjer det er mogleg å samanlikne foreldre og born sine svar på dette spørsmålet.

Av dei foreldra som deler bilete eller video av barnet sitt i sosiale medium, seier ti prosent at barnet har bedt om at bilete eller videoen blir sletta.

Det er særleg foreldre til 13-14-åringar som seier at deira born har bedt om dette.

– Undersøkinga viser at meir enn to av ti foreldre med born i denne aldersgruppa har opplevd at tenåringen ikkje ønskjer bilete eller video av seg sjølv i sosiale medium. Det er det viktig at vi foreldre respekterer, seier Velsand.

Daniel og Simen Andersen legg ut Youtube-filmar ein gong i veka og har over 55 tusen følgjarar. Foto: Privat.