Rekordmange førespurnader frå barn med eteforstyrringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er klare for å ta imot barn og unge frå heile landet på chat, men styresmaktene må vite at det er mange barn som no slit med psykisk vanhelse og eteproblematikk, seier generalsekretær Irene Kingswick i Rådgivning for spiseforstyrrelser (ROS).

Generalsekretær i ROS Irene Kingswick. Foto: Lene Fossdal)

Måndag kom det totalt 74 førespurnader på chatfunksjonen til organisasjonen, og interesseorganisasjonen merkar at talet aukar.

Ifølgje Kingswick seier mange av dei som tek kontakt, at dei slit som følgje av at dei ikkje kan gå på skulen. Ho oppmodar skulane til å informere om skulehelsetenesta og om dei er tilgjengelege for samtalar med barn og unge også gjennom lærarstreiken.

Det har gjennom og i ettertid av pandemien vore ein stor pågang av barn og unge som slit med kropp og mat, ifølgje organisasjonen.


Interessepolitisk rådgjeravr i Ros – Rådgiving om spiseforstyrrelser, Marianne Clementine Håheim, etterlyser meir fokus på psykisk helse i fedmebehandling. Foto: Foto: Lene Fossda. Illustrasjonsfoto: I Yunmai