Kan måtte endre pommes frites på grunn av tørke
Færre og mindre poteter kan føre til kortare pommes frites.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Har du nokon gong tenkt over at det finst reglar for korleis pommes frites skal vere?
I Frankrike og Belgia, pommes frites si vogge, er det normalt eit krav om at dei populære potetstengene skal vere mellom 8 og 10 centimeter lange.
Dette kravet kan no bli endra, skriv NRK.
Tørkesommar
Årets sommar er den varmaste sommaren som er registrert i Europa, skriv Copernicus. Førre rekord var i 2021, men temperaturen i sommar var i snitt 0,4 grader over dette.
Landbruksnasjonen Frankrike er inne i si fjerde hetebølgje for året.
Avlingane er, som ein konsekvens, dårlegare enn normalt. Ikkje berre fører det til auka matprisar, pommes frites kan òg bli kortare og tynnare.

Unionen av franske potetbønder (UNPT) førebur seg på at årets avlingar vil bli 20 prosent mindre enn gjennomsnittet, og i Belgia reknar ein at avlingane blir heile 30 prosent mindre, melder Euractiv.
Det blir både færre poteter, og dei som kjem, er mindre enn vanleg.
Vil truleg ikkje merke det i Noreg
DinSide skriv at ein vil få svar på kva konsekvensar tørken får for pommes frites-standarden etter avlingane i september/oktober. Kjedene McCain og McDonald’s har førebels ikkje kommentert saka.
Sjefen for Burger King i Noreg, Olav Bæverfjord, fortel til DinSide at dei nyttar norske poteter, og difor ikkje blir påverka i særleg grad av leveringsutfordringar med poteter frå Europa.
– I Burger King har vi ikkje planar om å endre utsjånad eller storleik på våre pommes frites.