Bokdebutant Linnea Løtvedt (22) donerer vekk alle inntektene
Påverkaren vil støtte Mental Helse Ungdom og deira innsats for betre psykisk helse hjå unge.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Då eg stod i mi verste periode, brukte eg Mental Helse Ungdom sin chat, og fekk mykje hjelp frå MHU. Så eg veit dei gjer ein veldig god jobb med å ta mental helse på alvor, rett og slett, seier påverkar Linnea Løtvedt (22) på Instagram.

Omslag: Cappelen Damm
Denne veka har ho lansert debutboka si Den usynlige angsten, og alle inntektene donerer ho til Mental Helse Ungdom.
– Tusen takk for at du normaliserer psykisk helse, og for at du er ett føredøme for unge, skriv organisasjonen på Instagram.
Angst for å kaste opp
Linnea Løtvedt har over 300.000 følgjarar på TikTok, og videoane hennar har vorte spelte nesten 24 millionar gongar.
I Den usynlige angsten deler ho si eiga historie og sine erfaringar med angst, samstundes som TikTok-psykolog Maria Abrahamsen bidreg med tips og fakta om psykisk helse.
22-åringen har emetofobi, som er ei frykt for å kaste opp. Denne frykta har ført til at Løtvedt i periodar har slutta å ete, vore redd for å drikke vatn og ikkje fått sove.
– Framleis kan eg oppleve å verte sett i bås når eg er open rundt fobien min. Det synest eg er provoserande og frustrerande, seier ho til VG.
Les også: Samuel (21) skata Noreg på tvers – samla inn 260.000 kroner til Mental Helse Ungdom