Unicef: Dette er den beste kommunen for barn og unge

For andre året på rad hamnar Tokke kommune i Vestfold og Telemark på topp i Unicefs kommuneanalyse. Analysen viser store sprik i tenestene i kommunane for barn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saman med Tokke på topp-ti-lista finn ein også Namsskogan i Trøndelag og Sør-Elvdal i Innlandet.

Åtte av dei ti kommunane som gir aller best tenestetilbod for barn og unge, er små kommunar med innbyggjartal under 10.000, ifølgje Unicef.

Leiaren av ungdomsrådet i Vinje, Ida Bitustøyl, fortalde i fjor til Framtida om korleis det var å vekse opp i ein av toppkommunane. Foto: Privat

Klepp, Bærum og Nittedal på botnen

Samtidig hamnar Klepp kommune i Rogaland nedst i årets analyse, etter Bærum og Nittedal. Åtte av dei ti kommunane på botn ti-lista tilhøyrer Viken fylke.

– Det skal ikkje vere adressa som avgjer kva liv eit barn i Noreg får. Alle barn har lik rett til ein trygg og god oppvekst, ifølgje Barnekonvensjonen. Dei store sprika i både kvalitet og type tenester kommunane tilbyr barn og unge, er dessverre noko vi har sett i fleire år, seier Kristin Oudmayer i Unicef Norge.

10 på topp kommunar for barn og unge:

  1. plass: Tokke, Vestfold og Telemark
  2. plass: Namsskogan, Trøndelag
  3. plass: Stor-Elvdal, Innlandet
  4. plass: Lyngen, Troms og Finnmark
  5. plass: Høylandet, Trøndelag
  6. plass: Sørfold, Nordland
  7. plass: Nore og Uvdal, Viken
  8. plass: Bykle, Agder
  9. plass: Heim, Trøndelag
  10. plass: Åseral, Agder

Søk opp din kommune i Unicef sin kommuneanalyse

10 på botnen kommunar for barn og unge:

  1. plass: Klepp, Rogaland
  2. plass: Bærum, Viken
  3. plass: Nittedal, Viken
  4. plass: Halden, Viken
  5. plass: Bjørnafjorden, Vestland
  6. plass: Lørenskog, Viken
  7. plass: Vestby, Viken
  8. plass: Lillestrøm, Viken
  9. plass: Ullensaker, Viken
  10. plass: Nannestad, Viken

Søk opp din kommune i Unicef sin kommuneanalyse


Les også: Helene (25) flytta heim – sakna tilbod for unge single

Helene Nordbø Hansen satte i gang prosjekt for unge i hembygda Kvitsøy Foto: Norges Bygdeungdomslag