Unicef: Dette er den beste kommunen for barn og unge
For andre året på rad hamnar Tokke kommune i Vestfold og Telemark på topp i Unicefs kommuneanalyse. Analysen viser store sprik i tenestene i kommunane for barn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saman med Tokke på topp-ti-lista finn ein også Namsskogan i Trøndelag og Sør-Elvdal i Innlandet.
Åtte av dei ti kommunane som gir aller best tenestetilbod for barn og unge, er små kommunar med innbyggjartal under 10.000, ifølgje Unicef.

Leiaren av ungdomsrådet i Vinje, Ida Bitustøyl, fortalde i fjor til Framtida om korleis det var å vekse opp i ein av toppkommunane. Foto: Privat
Klepp, Bærum og Nittedal på botnen
Samtidig hamnar Klepp kommune i Rogaland nedst i årets analyse, etter Bærum og Nittedal. Åtte av dei ti kommunane på botn ti-lista tilhøyrer Viken fylke.
– Det skal ikkje vere adressa som avgjer kva liv eit barn i Noreg får. Alle barn har lik rett til ein trygg og god oppvekst, ifølgje Barnekonvensjonen. Dei store sprika i både kvalitet og type tenester kommunane tilbyr barn og unge, er dessverre noko vi har sett i fleire år, seier Kristin Oudmayer i Unicef Norge.
10 på topp kommunar for barn og unge:
- plass: Tokke, Vestfold og Telemark
- plass: Namsskogan, Trøndelag
- plass: Stor-Elvdal, Innlandet
- plass: Lyngen, Troms og Finnmark
- plass: Høylandet, Trøndelag
- plass: Sørfold, Nordland
- plass: Nore og Uvdal, Viken
- plass: Bykle, Agder
- plass: Heim, Trøndelag
- plass: Åseral, Agder
Søk opp din kommune i Unicef sin kommuneanalyse.
10 på botnen kommunar for barn og unge:
- plass: Klepp, Rogaland
- plass: Bærum, Viken
- plass: Nittedal, Viken
- plass: Halden, Viken
- plass: Bjørnafjorden, Vestland
- plass: Lørenskog, Viken
- plass: Vestby, Viken
- plass: Lillestrøm, Viken
- plass: Ullensaker, Viken
- plass: Nannestad, Viken
Søk opp din kommune i Unicef sin kommuneanalyse.
Les også: Helene (25) flytta heim – sakna tilbod for unge single