Fleire Pride-arrangørar trassar politi-tilrådinga

Arrangørar av Pride i fleire byar vil trasse tilrådinga til politiet om å utsetje arrangementa. Politiet seier dei ikkje kan garantere for tryggleiken.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vel å gjennomføre arrangementet, seier Margrethe Møllevik i Mo i Rana Pride til TV 2

Tysdag opplyste Nordland politidistrikt at dei ikkje kan garantere for tryggleiken dersom Pride-arrangementet blir gjennomført, og at dei derfor tilrår at det blir utsett. Måndag tilrådde Politidirektoratet at alle Pride-arrangement i heile landet blir utsett.

Men i Mo i Rana trassar dei tilrådinga til politiet. Også i Haugesund og Trondheim blir det meldt at Pride-arrangement går som planlagt, skriv NRK og VG.

– Lojaliteten til dei skeive er sterkare enn tilrådinga til politiet, og vi føler at det ikkje er veldig utrygt, seier leiar Mirjam Bjerkenes i Haugaland Pride til NRK.

Også i Trysil skal det markerast som planlagt, skriv Nationen.

Ekstraordinær trusselsituasjon

Bakgrunnen for Politidirektoratets tilråding er at PST framleis reknar situasjonen som uavklart, og at det skeive miljøet er ein del av fiendebiletet til ekstreme islamistar.

PST vurderer at landet framleis står i ein ekstraordinær trusselsituasjon etter at det natt til laurdag vart gjennomført masseskyting i Oslo sentrum.

London Pub var saman med utestaden Per på hjørnet åstad for skytinga. Zaniar Matapour (43) drap to menn og såra 21 personar til.

– Vi fryktar ei følgjehandling. Det har vi jo sett tilfelle av i andre land, og det er ikkje uvanleg at enkelte blir inspirerte, eller at det er fleire som har den same tankegangen som her har skjedd, og som kan tenkje seg å gjere seg skuldig i ei ny terrorhandling i Noreg, sa fungerande PST-sjef Roger Berg til NRK måndag kveld.

På åstaden har mange lagt ned blomar, lys og flagg. Mangfald kan ikkje drepast står skrive på fasaden til Herr Nilsen ved sidan av Per på hjørnet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Høyrest fornuftig ut å la vere

Andre stadar, som i Kristiansand, Sandefjord og Sunndal, blir dei planlagde arrangementa avlyste eller utsette, i tråd med tilrådingane til politiet.

– Vi har fått ei god forklaring av vurderingsgrunnlaget til politiet i Agder og PST. Rådet frå dei har vore at vi ikkje arrangerer noka markering i kveld. Basert på den informasjonen vi har fått, høyrest det fornuftig ut å la vere, seier leiar i FRI Agder, Åge Bjelland, til Fædrelandsvennen etter møtet.

Trassa tilrådinga i Oslo

Måndag vart eit planlagt Pride-arrangement på Rådhusplassen i Oslo avlyst etter tilrådinga til politiet. Då gjekk politidirektør Benedicte Bjørnland ut og tilrådde at andre Pride-arrangement andre stadar i landet blir vurdert utsette inntil vidare.

Den tilrådinga er det altså ikkje alle som følgjer.

Fleire hundre menneske trassa tilrådinga og samla seg på Rådhusplassen etter at det opphavlege arrangementet vart avlyst.


F.v. Livia Pignatti (20), Filippo Rinaldi (21) og Eugenio Schirone (21) meiner tradisjonelle kjønnsroller påverkar skeive sine liv i heimlandet Italia. Foto: Privat