Politiet vil betre kommunikasjonen med minoritetar: – Har mykje å gå på

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Holsten meiner Noreg har eit «veldig kompetent politikorps», men han erkjenner at enkelte politifolk ikkje alltid har opptredd korrekt i møte med minoritetsbefolkninga.

– Vi har veldig mykje å gå på når det gjeld å forklare folk kvifor vi er ein stad og snakkar med dei. Vi snublar nokre gonger i mindre god kommunikasjon. Derfor har vi funne ut at vi må trene på det, seier politioverbetjenten til Klassekampen.

Eit tilbakelagt stadium

I 2007 fortalde forskar og kriminologiprofessor Ragnhild Sollund om bruk av rasistiske skjellsord i politiet. Holsten trur den tida er forbi.

– Det er tenesteforsømming, og eg trur det er eit tilbakelagt stadium. Men vi kan aldri slutte å rydde i eige hus og retorikk. Viss vi ser kollegaer som ikkje følgjer ein god standard, er det det vårt felles ansvar å ta tak i det.

Ammal Ahmed Haj Mohamed på demonstrasjonen «We can’t breathe» fredag 5. juni 2020, i Oslo. Foto: Ortenheim photography