ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Politiet tek av på TikTok

Politiet tek av på TikTok

Vest politidistrikt nyttar appen til å nå ut til fleire unge. So langt har det vore ein braksuksess. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Politiet tek av på TikTok

Vest politidistrikt har 170.000 følgjarar og 17 millionar visningar på Tiktok. Det gjer at dei når langt fleire ungdommar enn før, med færre ressursar.
NPK-NTB
NPK-NTB

I ein video på den populære videoappen åtvarar politiet mot deling av nakenbilde. Den har til saman vorte spelt i 446 timar, skriv Bergens Tidende.

– Det svarer til ein fulltidsstilling i 12 veker. På den tida kunne ein reist rundt til eit knippe skular og fortalt bodskapen vi ønskjer å få fram. Vi bruker knapt ein dag på å lage ein Tiktok-video. Det er ekstremt effektivt, seier politibetjent hos nettpatruljen Frode Hauge til avisa.

Les også: Forbrukarrådet åtvarar TikTok-stjerner mot gåve-konkurransar

Politiet er òg til stades på Snapchat, Instagram og Facebook, og det er sistnemnde som blir brukt til å nå ut til foreldra.

– Vi gir dei råd om kva du skal sjå etter og kva dei bør snakke med barna om, seier politibetjent Frida Nordem Føleide.

Sidan skipinga av nettpatruljen i oktober har talet på førespurnader frå barn og unge opp til 19 år auka frå fire til om lag 140. Politiet har førebels ikkje tal på kor mange dei har nådd med Tiktok-videoen.

– Men vi er veldig sikre på at vi får vite meir no enn elles, seier Hauge.

Les også: Tik Tok går klar kritisk søkjelys i Noreg: Ingen har vurdert tryggleiken

Foto: Unsplash/Kon Karampelas
ANNONSE