Filmmelding: Så jävla easy going – ikkje ein «feelgood» film

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen Så jävla easy going vert vist under filmfestivalen Oslo Pix denne veka.

Filmen handlar om Joanna, ei jente på 18 år som bur saman med ein deprimert far – og jo nemnde eg det ikkje? Ho har ADHD.

Det er nemleg det som ligg til grunn for plottet i heile filmen. Joanna har ein uheldig situasjon heime som gjer at ho går tom for medisinar og verda hennar blir vanskeleg å handtera utan. Filmen følgjer ho medan ho prøver å navigera kvardagen utan medisinar og hennar jakt på pengar for å kunna kjøpa nye.

Filmen seiast å vera fritt basert på boka med same namn av den svenske forfattaren Jenny Jägerfeld. Om boka kan samanliknast med filmen er usikkert, i dette tilfellet er den også berre «fritt basert på» boka, men ein seier ofte at «bøkene er betre». Eg skal i alle fall lese ho.

«ADHD ser ut olika för alla»

Nikki Hanseblad, som spelar Joanna, sa til Kultmagasin: «Det är ju helt omöjligt att gestalta ADHD i sig, för ADHD ser ut olika för alla som har det».

Det er eg heilt einig i, har du sett ein med ADHD har du berre sett ein.

Det er likevel fleire ting i filmen eg trur mange med ADHD kan kjenna seg igjen i.

Tidleg i filmen byrjar hovudpersonen Joanna å babla om noko ein gjerne ikkje verken ser som relevant eller passande å ta opp. Det at ein heilt tilfeldig tek opp ting i ulike situasjonar ein gjerne ikkje ville sett på som relevant er vanleg for ganske mange med ADHD.

 

Ein fasade

Elles kan ein oppleva fleire trekk ved hovudkarakteren som menneske med ADHD, underteikna inkludert, kan kjenna seg att i. Mange har ein vanskeleg og komplisert situasjon heime, vi kan vera sensitive på omgjevnadar og ein kan kjenna på ein trong til å overforklara og unnskulda om vi føler vi kjem i ein vanskeleg situasjon.

Akkurat som Joanna kan vi lett bli rastlause og overvelda

Akkurat som Joanna kan vi lett bli rastlause og overvelda, og i rein desperasjon buser ein kanskje ut med noko i eit forsøk på å få dei rundt ein til å stoppa – dette fører for Joanna dessverre til at ho sårer dei rundt seg. Det filmen også framstiller, som nok dessverre fleire med ADHD føler på er at når ein prøver å halda oppe ein fasade så blir livet veldig rotete, og ein risikerer å brenna bruer.

 

Nikki Hanseblad gjer ein god jobb i rolla som Johanna. Foto: Ola Kjelbye/Cinetic Film

 

Unødvendig negativ og dramatisk framstilling

Sjølv om det var fleire realistiske framstillingar av korleis det kan følast og opplevast å leva med ADHD, så vart det for meg ei litt unødvendig negativ og dramatisk framstilling. Det gjorde at det nesten for meg vart ein ironisk tittel med Så jävla easy going.

At Joanna gjekk «rett på» å selje stoffet til ein kompis for å tene pengane ho trong virka for meg noko urealistisk og drastisk. Det er ikkje noko negativt å seie om skodespelarprestasjonane til Nikki Hanseblad som spelar Joanna, ho var kjempeflink! 

Sakna fleire augneblink kor ein framheva dei fine sidene

Eg sakna fleire augneblink kor ein framheva dei fine sidene ved personar med ADHD. Sjølv om ein kunne sjå at karakteren Joanna var kreativ og løysingsorientert på slutten av filmen og at ho våga å ta initiativ med ei ho crusha på så, sakna eg å sjå at ho også kunne ha fleire fine augneblinkar.

Det vert vakre scener når Johanna (Nikki Hanseblad) vågar seg frampå med Audrey (Melina Paukkonen). Foto: Ola Kjelbye/Cinetic Films

Gode skodespelarar

Det som funka i denne filmen er skodespelarprestasjonane i seg sjølv og at ein har gitt ei nokolunde realistisk framstilling av nokre av utfordringane med ADHD. Eg kan strekke meg til å seie at filmen også var spennande.

Det eg ikkje synest noko om var den hovudsakleg negative framstillinga av diagnosen. Eg sat nesten konstant stressa gjennom filmen fordi ho som karakter gjekk gjennom prøvingar etter prøvingar. Det kan sånn sett vera ein realistisk framstilling for nokre, då ein med diagnosen kan føla seg konstant på tuppa av og til.

Så jävla easy going er ikkje ein «feelgood film». Men er det ein bra film? Ja.


Les også Luca Ovedie F. Amundsen i Skeiv Ungdom si melding av Netflix-serien

Netflix har laga serien «Heartstopper» basert på Osemans bøker, og der blir gutane spelte av Kit Connor og Joe Locke. Foto: Netflix

.