Universitet og høgskular stemna for retten 46 gonger – tapte éin gong

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universiteta og høgskulane taper så å seie aldri i retten, viser ei samanstilling Kunnskapsdepartementet har laga, melder Khrono.

I 2020 og 2021 vart dei stemna for retten minst 46 gonger. Ei stemning er det formelle dokumentet ein må levere til domstolen for å starte ei rettssak mot nokon.

Ikkje alltid mogleg for studenten å leggje fram dokumentasjon

Advokat Kristian Berge meiner det ofte er vanskeleg for studentane å bevise at dei ikkje har juksa.

– Det er ikkje alltid det er mogleg for studenten å leggje fram dokumentasjon som kan underbyggje påstanden deira. Det kan sjølvsagt komme av at dei har fuska, men eg trur ikkje det gjeld alle dei tilfella der studentane meiner dei er uskuldige, seier han til Khrono.

– Undersøker i lita grad studenten si forklaring

Han meiner også at studentane ofte kjem til retten med lågt truverd.

– Når studiestadene førebur saka, verkar det som dei greier først og fremst ut for å underbyggje mistanken om at studenten har juksa. Og at dei i lita grad undersøkjer forklaringa til studenten, hevdar han.

Den einaste saka der staten har tapt handla om ein sjukepleiestudent som først vart nekta praksis, men som seinare fekk medhald i retten og kunne halde fram studiet.