Vil auke straffa på fuskeklager

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dagens system betaler universitetet eller høgskulen alle advokatutgifter for studentar som klagar. Studentar risikerer heller ikkje strengare straff når dei klager.

No vil Kunnskapsdepartementet vurdere om Felles klagenemnd skal kunne auke straffa, skriv Khrono.

Mangedobling av klager

Talet på klager til Felles klagenemnd har auka kraftig dei siste åra. I 2015 var det om lag 70 saker til behandling, medan i fjor tok Felles klagenemnd imot 386 saker. Det blei fatta vedtak i 302 av desse.

Studentar som klager på vedtak om fusk eller andre forhold som fører til utestenging, må vente i månadsvis for å få ei avklaring. Ifølgje Kunnskapsdepartementet er saksbehandlingstida framleis åtte til ti månader for mange saker, somme òg på 11–12 månader (berre lokalt). Snittet for saksbehandling i Felles klagenemnd er om lag fem månader.

Det er langt over kravet i Forvaltningslova på tre månader om ein skal gjere eit vedtak som er strengare enn det opphavlege vedtaket. Det er grunnen til at Felles klagenemnd ikkje kan gjer eit strengare vedtak som er gjort på den enkelte høgskule eller universitet

I eit høyringsnotat frå 22. juni kjem det fram at Departementet ber høyringsinstansane om synspunkt. og legg fram ulike forslag. Desse handlar mellom anna om å kunne gi strengare straffar og forlenge fristen for å kunne gi desse straffene.


Les også: Stressa for eksamen? Her får du tips frå studentpsykologen!

Illustrasjonsbilete: Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg