Staten hindrar bygging av studentbustadar, meiner studentorganisasjon
Planane er klare for å byggje 400 studenthyblar ved Universitetet i Stavanger, men Statsbygg nøler.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sara Beitz, leiar av studentorganisasjonen i Stavanger (Stor). Foto: Uis/pressefoto
– Når kommunen seier ja, og både universitetet og studentane støttar planane, er det rart at Statsbygg skal stikka kjeppar i hjula og vera negative, seier Sara Beitz, som er leiar av studentorganisasjonen i Stavanger (Stor) til NRK.
Samskipnadsrådet viser at om lag 17.000 studentar over heile landet står på ventelister for å få studenthybel.
- Les også: Nesten vaksen: Dette har du rett på når du leiger bustad
Som leigetakar er det viktig å kjenne rettane sine. Det kan potensielt spare deg for både pengar og bry. Foto: Bench Accounting/Unsplash
Statsbygg har ikkje konkludert
Statsbygg har ikkje konkludert i saka, men meiner at andre alternativ er betre, til dømes ei tomt i nærleiken som no vert nytta til parkering for studentane.
– Det ville vore uansvarleg om me ikkje greidde ut tomtegrunnlaget godt nok når me skal sikre at det blir bygd studentbustadar som også skal ha ein god funksjon i framtida, seier kommunikasjonsdirektør i Statsbygg, Hege Njaa Aschim.
Men studentleiar Beitz meiner studentane treng parkeringsplassane så lenge kollektivtrafikktilbodet er som det er.
– Dessutan er den andre tomta mindre, så det blir plass til færre studentbustader der, seier ho.
Les også: – Dette er årsaka til bustadkrisa for unge, og ingen snakkar om det
