«Ikkje ver ein one night friend»

Anette Sivertstøl
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

No som dei fargerike og glade faddervekene er over, kjem den grå kvardagen med forelesingar og innleveringar.

For mange har det blitt nokre ekstra glas og kanskje enkelte har festa meir enn normalt. I løpet av faddervekene har nok mange funne seg studievenner dei kan danne kollokviegruppe med og henge saman med på campus.

For andre kan all festinga ha ført til ein følelse av at ein berre sit igjen med «fyllavenner».

«One night friend»

Som ein studentinformant formulerte det i kartlegginga av Trondheimsstudentenes rusvaner i 2018: «Man får bestevenner i fylla, men betyr det at man er venner når hverdagen kommer?»

Studentinformanten snakka om uvissa rundt relasjonane frå fadderveka. Det er dette Eli Stålesen ved Universitetet i Agder kallar for ein «one night friend». Omgrepet viser til at personar kan bli gode vener for ein kveld på fylla, men ingen sit igjen med ein skikkeleg relasjon eller vennskap dagen derpå.

Å sitta igjen med denne følelsen etter å ha vore aktiv i faddervekene og delteke på festane under fadderveka kan føre til at enkelte føler seg einsam og vennelaus. 

For andre kan all festinga ha ført til ein følelse av at ein berre sit igjen med «fyllavenner».

Alle kan bidra

Einsemd er ein vond følelse, og forsking viser at dei regionane av hjernen som blir aktivert ved fysiske smerter er dei same regionane som blir aktivert ved oppleving av sosial isolasjon.

Forskinga har også vist at det er ein samanheng mellom alkoholisme og einsemd. Vi veit ikkje kor utbreitt åleine-drikking er blant studentar, men poenget er at det å føle seg einsam medfører ein del negative konsekvensar.

Den beste medisinen mot ufrivillig isolasjon er menneskeleg tilknyting og her kan alle bidra med førebygging.

Denne teksta er til både fadrar og fadderbarn: Ikkje la ein relasjon frå fadderveka vere ein one night friend. Ser du at nokon er åleine i forelesingssalen, så inviter vedkomande med på lunsj eller inviter personen til å sitje saman med deg under forelesinga.


Tonje Brenna. Foto: Ilja C. Hendel. Brenna i 2004: Foto: Elisabeth Johnsen, Romerikes Blad.