Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidan eg hang litt på Blitz av og til, og elles også hang saman med folk som var litt på sida av det etablerte samfunnet, var eg med på eit par demoar mot Shell og andre internasjonale selskap.

Det skriv vokalist Simone Eriksrud (52) i det norske bandet D’Sound, som rundt tusenårsskiftet herja hitlistene med låtar som Tattooed on my mind og Do I need a reason.

I år feirar bandet 25-årsjubileum, og Eriksrud mimrar tilbake til tida som ei av Noregs største popstjerner.

«Kongen er død! Leva kongen!»

Året var 1991 og Simone Eriksrud fullførte siste semester på vidaregåande. På fritida jobba 20-åringen som servitør på restauranten Det Grøne Treet i Volda, som mora eigde på den tida.

– Eg spelte også i Volda Frie Teatergruppe, som hadde slått seg saman med ei iransk teatergruppe som hadde flykta til Volda frå Iran, minnest Eriksrud.

Den norske ungdomsfilmen «Døden på Oslo S» var ein av dei mest populære filmane det året, og Eriksrud hugsar godt kor ho var januardagen då kong Olav døydde. Det var ein torsdag kveld at den norske kongen døydde etter eit hjarteinfarkt.

– Alle i baren begynte å ropa «Kongen er død! Leva kongen!»

Nattoget til Oslo

Det sterkaste minnet hennar frå det året var likevel å reise heimanfrå. Kjensla av å pakka sekken, gå på nattoget, vakne i Oslo og byrja eit heilt nytt liv.

– Mitt liv på eiga hand, skriv Eriksrud.

– Eg oppdaga meg sjølv på nytt mange gonger det året. Først flytta eg heimanfrå, og blei sambuar med ein gut for første gong. Så hang eg saman med masse undergrunnsfolk og kjente på korleis det var. Eg hadde fire forskjellige jobbar det første halve året, begynte på universitetet andre halvparten av året, gjorde det slutt med typen og møtte mange, mange spennande folk på vegen. Eg var på ei heftig reise og hadde berre meg sjølv å stole på.

Musikk eller diplomati

Musikalsk vart Eriksrud påverka av kjærasten, som var glad i reggae.

– Eg høyrde veldig mykje på Prefab Sprout sitt album «Steve McQueen» det året. Eg blei også kjent med ein amerikansk harpist, Warren Carlstrøm, og begynte å høyra på den sveitsiske el-harpisten Andreas Vollenweider.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

 Eg ynskte å bli anten musikar eller diplomat i utanrikstenesta.

«Hugs å seia nei»

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

 Eg tenkte at når eg var 52, slik eg er no, ville nok livet vera omtrent over, ha, ha! Eg trudde ikkje eg ville få barn og mann og rekkehus og slikt, altså slik eg lever no.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

 Ville kanskje tenkt at eg var ein litt artig skrue.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– «Stol på at du er dyktig og vakker, du kan fint vera åleine, hugs å seia nei».


20 år gamle Sondre Lerche var ikkje i tvil om at han hadde ei musikkarriere framfor seg. Foto: Johanna Siring/Privat