Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Året er 2002. Unge Sondre Lerche held på å planlegge ei reise til USA. Der skal han lansere debutplata si, Faces Down, som sikra han fjorårets nykommar-pris under Spellemann-utdelinga heime i Noreg.

Det er fire år sidan han teikna kontrakt med plateselskapet Virgin Records. Då hadde han skrive og opptredd med eigne låtar i fleire år.

Snart fyller han 20.

«Tidenes beste»

20 år seinare, våren 2022, har Sondre Lerche (39) nettopp sleppt dobbelalbumet Avatars of Love, som har vorte møtt med strålande kritikkar i både inn- og utland. Meldaren til NRK går så langt som å kalle det eitt av tidenes beste norske album.

Avatars of Love er det tiande studioalbumet hans.

I 2020 flyttar bergensaren tilbake til Noreg, etter å ha budd i USA mesteparten av karrieren. Sidan har han både gitt ut bøker og lansert eigne vinar. Under pandemien har han dessutan halde over 50 solokonsertar og spelt i lag med Kringkastingsorkesteret.

Mest musikk

– Eg hugsar ikkje kva eg gjorde på 20-årsdagen min. Eg var nok på turné ein eller annan stad, eller i studio og spelte inn den andre plata mi, Two Way Monologue! skriv Lerche på e-post til Framtida.

Når han ikkje var på turné, fylte han for det meste dagane med å skrive låtar. Han var godt oppslukt av musikken og hugsar fint lite anna.

– Eg hugsar då eg reiste til USA for første gong, for å spele og sleppe debutplata mi der. November 2002. Det var stas. Eg høyrde Justin Timberlake sin Justifieddiscman på flyet heim, fortel han.

– Oppteken av mitt

Sondre Lerche hugsar ikkje mykje anna enn musikk frå året han var 20. Foto: Privat

Etter mottakinga debutplata hans fekk, var det ingen grunn til å sjå seg tilbake. Som 20-åring var han overtydd om at det var musikar han skulle bli.

Sidan den tid har han også skrive filmmusikk, vore mentor i The Voice, laga låtar med Fantorangen og fått sitt eige frimerke. Mellom anna.

Foto: Mike Angeles

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg hugsar at eg ofte vart spurd i intervju om kor eg såg meg sjølv om fem år, og at eg opplevde det som eit umogleg og absurd spørsmål. 

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt, og kvifor?

– Om eg skal vere heilt ærleg, var det nok meg sjølv. Eg var mest oppteken av mitt.

Favorittplata hans var Insignificance av Jim O’Rourke.

– Ikkje ver redd for å leve

Sondre Lerche (39) ville nok ha vorte både imponert og frustrert om han hadde møtt Sondre Lerche (20). Foto: Privat

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok blitt imponert og frustrert.

Om han skulle gitt eitt råd til seg sjølv, ville det vore dette:

– Slepp kontrollen, ikkje ver redd for å leve litt.

 

 

 


Jarle Bernhoft hadde sterkt brille-game allereie som 20-åring. Foto: Privat / Vegard Breie/TV2 / kollasj Framtida.no