Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Jarle Bernhoft var 20 år gamal, var han nybaka student på Musikkhøyskolen i Oslo. Samstundes spelte han i bandet Explicit Lyrics.

– Det føltest litt dradd mellom to polar; eg var jazzgitarist på dagen og song rock’n’roll på kvelden.

– Med det bandet hadde vi ein tanke om å dedikere alt vi hadde av tid, så det blei å leve på smular i staden for å drive med inntektsbringande arbeid, skriv musikaren på e-post til Framtida.no.

I dag er 45-åringen frå Nittedal aktuell som deltakar i Hver gang vi møtes. Han blei for alvor kjend for det norske folk i 2011 då han gav ut sitt andre soloalbum Solitary Breaks. Bernhoft er både songar, multiinstrumentalist, komponist og tekstforfattar, og tok Noreg med storm med låtane sine der han samplar seg sjølv.

Same år fekk han den gjeve prisen «Årets Spellemann» og «Beste mannlege artist» under Spellemannprisen. Det var ikkje berre Noreg som la sin elsk på artisten. Han blei òg kjent i utlandet, og framførte låten «C’mon Talk» på Ellen DeGeneres sitt show.

I 2014 lanserte Bernhoft albumet Islander, som blei nominert til til den prestisjetunge Grammy-prisen i R&B-klassa.

Og visste du at det er Jarle Bernhoft som speler bass og gitar på Rihanna-låten «Love On The Brain»?

Jarle Bernhoft er med i årets sesong av Hver gang vi møtes. Foto: Vegard Breie/TV2

Var inne på noko

Bernhoft fortel at han allereie som 20-åring hadde funne ut at det var musikken han skulle leve av.

– Ja, det hadde eg visst i nokre år allereie. Tidleg spikka 🙂

Den viktigaste personen i livet hans på den tida, var Fridtjof Nilsen som han spelte saman med i bandet Explicit Lyrics.

– Vi hadde eit særs symbiotisk liv på den tida, minnest han.

Jarle Bernhoft som 20-åring. Foto: Privat

Dei to spelte òg seinare saman i gruppa Span.

20-årsdagen hugsar han ikkje noko av, men det sterkaste minnet frå året han var 20, er ein konsert som gjorde inntrykk.

– Eg trur det var ein jamsession på Kongsberg Jazzfestival der folk i både band og publikum gav høglydt god tilbakemelding på nokre greier eg gjorde. Det var ei sjukt fin stadfesting på at eg var inne på noko.

Musikkbobla

Jarle Bernhoft var 20 år i 1996. Han fortel at han var veldig i musikkbobla på den tida.

– Eg har nokre vage minne om Bill Clinton som president, OL i Atlanta, og optimisme angåande Midtausten, men for min del var det mest musikk døgnet rundt, fortel han, og legg til:

– Eg har eit minne om at eg ikkje skjønte kvifor i all verda masse folk sat i kantina på Musikkhøyskolen og åt Snickers med kniv og gaffel ein dag, så Seinfeld må ha vore svært. Eg hadde ikkje tv, så eg tok ikkje referansen.

Elles oppdaga 20 år gamle Bernhoft den japanske forfattaren Haruki Murakami.

– Det var den store Murakami-sommaren! Eg las Sputnik Sweetheart, den første av etter kvart mange Haruki Murakami-bøker, mimrar han.

– Og så prøvde eg å skjønne meg på Leonard Cohen (altså musikken hans) for å kome nærmare ei jente eg var hypp på. Prosjekt jente gjekk etter kvart bra, men utan Cohen, eg var for ung og dum.

Artisten avslører vidare at han blei ekstremt glad i Sly & the Family Stone utover den hausten.

– Det er framleis skilsetjande for meg. Førsteskiva til Lewis Taylor kom ut det året, også definerande greier.

Haruki Murakami, Leonard Cohen og Sly & the Family Stone var viktige for Jarle Bernhoft som 20-åring. Foto: Sly & the Family Stone: Offentleg eigedom/Wikimedia // Leonard Cohen: Rama – eige verk, CC BY-SA 2.0 fr, Wikimedia // Murakami: Omslag SD Books // kollasj Framtida.no

Pust

Jarle Bernhoft hugsar seg sjølv som grunnleggjande optimistisk og med gode folk rundt seg.

Jarle Bernhoft som 45-åring ser tilbake på livet som 20-åring. Foto: Privat

– Så det var ganske bra gass på alle motorar. Eg har alltid likt oppbrot og nye byrjingar, så det å gå frå vidaregåande til studentliv var heilt kanon, minnest han.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg trur eg ville likt han, men ville nok blitt litt sliten av energien. Det var nok mykje kok under overflata som kunne hatt godt av fleire utløp enn det musikalske. Altså, det var nok bra for musikaren, men det var ein del overtrykk i personlegdomen.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Du burde puste mykje betre. Set hælane godt ned i golvet. Så pustar du igjen. Sånn ja. Dette kjem til å ordne seg.


Til venstre er Tatiana Palanca 20 år og ferierer i Portugal. Til høgre står ho på scena under Nattjazz med prosjektet Angola70. Foto: Privat/Sondre Eriksen