10 gode rutinar til studiekvardagen

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lag vekesoversikt

Sett av ein halvtimes tid på eit fast tidspunkt kvar veke til å lage ei oversikt over korleis du skal bruke dei neste 7 dagane til studering.
Om du skriv ned i ein vekeplan at du skal lese pensum i 3 timar torsdag kveld, aukar sjansen for at du faktisk gjennomfører det. Jo meir konkret, dess lettare er det å gjennomføre.
Ved å gjere dette jamleg, får du dessutan eit kontinuerleg overblikk over studiet, og du unngår (forhåpentlegvis) å hamne bakpå.

Ha ei liste med alle datofristar

Ha ei liste på telefonen/PC-en (eventuelt klistrelappar i notatboka, dersom du føretrekker analoge verktøy) der du legg inn alle viktige datoar.
Det er viktig at du kan flytte om på punkta, så du kan halde lista i kronologisk rekkefølge. Det gir deg ei kjapp og enkel oversikt over alt du har av kommande gjeremål, innleveringar, eksamenar og andre fristar, i rett rekkefølge.
Hald lista oppdatert og sjekk henne med jamne mellomrom, så unngår du at fristane kjem brått på. Det kan også gjere det lettare å vite kva fagstoff du vil prioritere å jobbe med.
Bruk også kalender og påminningar etter behov.

Sett av tid til å trene

Eg veit. Det er eit klisjé-råd, og det kan vere vanskeleg å stable ei treningsrutine på beina. Men kroppen og hjernen din kjem til å takke deg om du får til nokre ordentlege treningsøkter i veka.
Om du ikkje likar å jogge eller løfte vekter, prøv zumba, klatring, symjing, kampsport, fjellturar, kajakk, gjer nokre enkle kroppsvekt-øvingar på stovegolvet, eller berre gå ein tur langs vegen medan du høyrer på lydbok. Allier deg gjerne med ein ven eller studiekompis, så de kan motivere og halde kvarandre ansvarlege.
Trening kan også vere eit godt avbrekk frå studentstresset.

Finn underhaldning som er relevant for ditt fag

TV-seriar, podkastar, Youtube-arar, meme-kontoar; finn innhald som interesserer, inspirerer og motiverer deg til å gjere det godt på studiet, men som ikkje kjennest som skule. Det betyr ikkje at du treng å la fagstoffet ta heilt over livet ditt, men det kan vere ein god måte å få litt innputt på utan at det treng å vere eit ork.

Bruk (litt) pengar på det som vil hjelpe deg til å verte produktiv

Når ein er student og er van med å snu kvar stein for å halde ut til neste stipenddag, er det kanskje (forhåpentlegvis) noko som strir imot når du ser ei notatbok til 400 kroner på Ark. Men om du har råd og moglegheita til det, kan skulearbeidet verte kjekkare og meir inspirerande å jobbe med dersom du har utstyr som faktisk begeistrar deg.
Det kan vere fargerike pennar, ei fin notatbok, ein app eller eit abonnement. Kanskje er det ein god kopp kaffi som påskjønning for at du har lese i tre timar, eller eit YouTube Premium-abonnement for å sleppe reklame mellom alle produktivitet-videoane du ser på i staden for å faktisk vere produktiv. (Berre hald det på eit forsvarleg nivå. Dette er ikkje ei oppmoding om å handle lunsj på Espresso House kvar dag eller bruke tusenvis av kroner på ein ny iPad du eigentleg ikkje har råd til).

Den beste lesinga er den du gjennomfører

Kontinuitet er viktig. Men plutseleg heng du etter på studiet, og det bygger seg opp med pensum du skulle ha vore gjennom og oppgåver du skulle ha gjort. Då kan det verke som ei enorm oppgåve å sette seg ned for å ta igjen det tapte.
Om intensjonen er å ta igjen fire veker med forsømming, men resultatet er at du ikkje orkar å begynne, må du endre strategi.
Eitt tips er å bryte det du må gjere ned i enkle, konkrete, lett gjennomførbare bitar. Les det eine kapittelet. Skriv to avsnitt på den oppgåva. Finn ei tidlegare eksamensoppgåve.
Uansett: Fokuser på det du burde gjere her og no.

Planlegg fritid med godt samvit

Pausar og avbrekk er heilt avgjerande, særleg om du også jobbar ved sida av studiet. Akkurat som kroppen, treng hjernen kvile for å prestere.
Ofte kjem innsikt og gode idéar når du ikkje prøver å tvinge dei fram. Trening, meditasjon eller ein gåtur kan vere aktive måtar å ta pause frå faget på, men det er også viktig å sette av tid til å nyte fritid.
Det kan vere vanskeleg å slappe av når du veit at du burde ha jobba med ei oppgåve eller lese pensum. Og medan ansvarskjensla kan vere nyttig for å presse deg til å gjennomføre ei studieøkt, er det også viktig å legge den bort ein gong i blant, og binge ein Netflix-serie eller ta ei todagars fyllekule med godt samvit. Ikkje bruk kvile som ei unnskyldning til å vere lat – å studere skal trass alt ta mykje tid –, men finn ein god balanse.

Finn din metode

Det er ikkje éin studieteknikk som passar for alle. Nokre sver til klassisk eller atmosfærisk musikk medan dei les. Andre føretrekker å diskutere stoffet med andre.
Uansett finst det ulike måtar å jobbe med fagstoffet på.
Kanskje er Cornell-metoden perfekt for deg?
Kanskje har du nytte av å starte dagen med å skrive ei konkret liste med gjeremål?
Kanskje Pomodoro-teknikken kan hjelpe deg med å halde fokus?
Undersøk og prøv ut ulike metodar, og tenk over:
– Korleis har eg oversikt over studiet?
– Korleis lærer eg best på førelesing?
– Korleis lærer eg best utanfor klasserommet?
– Kva ressursar kan eg nytte for å forstå ting betre?
– Korleis held eg meg produktiv?

Første utkast skal ikkje vere perfekt.

Eit utkast på 1.000 ord som er usamanhengande, fullt av skrivefeil, manglar kjeldehenvisingar og er heilt halvvegs på faktanivået, kan vere heilt perfekt. Det einaste det første utkastet treng å gjere, er å eksistere (så sant du redigerer godt seinare!)
Nokre gonger løner det seg å legge vekk perfeksjonisten og den kritiske røysta, og heller få ufiltrerte tankar ned på papiret. Særleg om du slit med skrivesperre.
Då får du sortert opp i kva du veit, kva du bør finne betre ut av, og plutseleg er du godt i gang med oppgåva.

Du er omringa av kunnskap. Gjer nytte av den.

Utforsk biblioteket og den lokale bokhandelen. Gjer deg kjent med ressursane som er tilgjengelege på universitetet ditt. Gå på skrivekurs. Still spørsmål, både til forelesarar, seminarleiarar, medstudentar, kollegaer, dei andre i kollektivet, bibliotekaren.
Finn ein lesekrok som gir deg inspirasjon. Les bøker som handlar om faget ditt, om andre fag, om studieteknikkar, om dragar og robotar og dystopiar og oppvekstskildringar. Ver nysgjerrig og søk svar.

Heiderleg omtale:

Desse tinga har du garantert høyrt før, men dei er verd å repetere:
  • Få nok søvn
  • Et sunt
  • Eliminer distraksjonar når du skal studere. Legg mobiltelefonen i eit anna rom eller nedst i sekken.