Norske Amanda skal representere Hellas i Eurovision

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når Eurovision startar i Torino i mai, er det norsk-greske Amanda Georgiadis Tenfjord (25) som representerer Hellas på scena. Ho skal framføre låten Die Together, som vart sleppt torsdag.

– Det kjennest litt sjukt, men eg trur det skal gå bra. Eg er veldig glad for at eg skal framføre noko som er mitt eige, seier ho.

Die Together er ein ballade som handlar om å vere så glad i nokon at du kan gjere det meste for dei, seier Tenfjord.

– Sangen er litt spesiell. Det var ei hard nøtt å knekke – vi skreiv tekst og melodi på ein dag, men produksjonen tok eit halvt år, fortel Tenfjord.

– Dårleg planlagt

Tenfjord er fødd i Hellas, og familien flytta til Noreg då ho var tre år.

Dei neste månadane vert det mykje reising til og frå Hellas. Ho skal øve inn sceneshowet, spikre framføringa og spele inn at ho opptrer. 1. mai reiser følget til Torino.

Mellom slaga må ho prøve å få tid til studiet. Ho studerer nemleg medisin på siste året ved sida av musikkarrieren.

– Det var litt dårleg planlagt! Eg har eksamen 10 dagar etter Eurovision. Eg ser for meg at eg skal øve når eg har pause, men det er kanskje lettare sagt enn gjort, seier ho.

Best av 40

Amanda Georgiadis Tenfjord. Foto: Pressefoto

I Hellas er det ein eigen komité som vel ut Eurovision-bidraget. Managementet til Tenfjord vart tipsa om å sende inn eit bidrag, og Tenfjord valde ut tre demoar.

I alt 40 låtar frå 26 ulike artistar vart vurderte. Til slutt landa komitéen altså på Tenfjord.

– Det er heilt sjukt. Eg er ikkje kjent i Hellas, og det var mange kandidatar som eg trudde hadde større sjansar. Men dei likte tydelegvis låten min. Han er litt spesiell og utypisk for Hellas, så dei har nok teke ein sjanse. Eg trur det er fordi låten er bra, seier ho.

– Korleis trur du det vert å stå på scena framfor heile Europa?

– Eg har ikkje tenkt så langt. Eg føler at det skumlaste er å ha små og intime konsertar. Når det er så stort, klarar du ikkje å skjøne at det sit nesten 200 millionar og ser på. Det er i alle fall teorien min – så får vi sjå om det stemmer.

– Er du nervøs?

– Ikkje for synginga, men for alt rundt.

Lange tradisjonar

Tenfjord har alltid sett på Eurovision, heilt frå ho var lita. Og ho har alltid heia på Hellas.

– Vi har tradisjon for å stelle i stand ein stor fest, samle vener heime og ete souvlaki og anna gresk mat, lage poengliste og gjere mykje stas ut av det, seier ho.

Blant favorittlåtane gjennom tidene står Euphoria av Loreen og Fairytale av Alexander Rybak høgt. Ho trekker også fram den greske vinnarlåta My Number One av Helena Paparizou frå 2005.

– Det vert spanande å representere Hellas. Eg håpar at grekarane vert stolte, og at dei likar det vi skal gjere. Eg håpar at vi kan trekke mange stemmer frå Noreg. Det hadde vore stas, seier Tenfjord.

– Korleis vert det å konkurrere mot det norske bidraget?

– Vi er i ganske ulike sjangrar. Eg synest vi burde dra saman og kose oss i lag, i staden for å krige mot kvarandre, seier ho.

Stort steg

Tenfjord byrja å spele piano då ho var fem, og gjekk i barnekor frå ho var lita av. I oppveksten var korps og songtimar på timeplanen. Då ho var 16, byrja ho å skrive eigne songar, og sidan skaffa ho seg eit band.

Etter å ha delteke på bransjefestivalen Trondheim Calling, har det balla på seg. No har ho gitt ut to EP-ar og ei rekke singlar, mellom anna låten Promises med Thomas Dybdahl.

Ho har hatt ein stegvis prosess. Med Eurovision føler Tenfjord at ho tek eit endå større steg.

– Eg har teke ting roleg fram til no. Eurovision følest veldig massivt. Det er gøy og sjukt stort, seier ho.

Amanda Tenfjord har skrive låta i lag med Bjørn Helge Gammelsæter. Foto: Martin Bremnes

– Ekte og usminka

Bjørn-Helge Gammelsæter (25) frå Sotra i Vestland har laga låten i lag med Tennfjord. 

Gammelsæter jobbar som produsent og låtskrivar ved sidan av juss-studiet. Han har jobba med Tenfjord sidan i fjor vår.

– Vi skreiv nokre låtar saman, og vi hadde god musikalsk kjemi. Så vart vi gode vener, og no held vi på å ferdigstille ei plate vi har skrive saman, fortel Gammelsæter.

Det er ein av låtane frå denne plata som no skal til Eurovision.

– Når vi skriv låtar, sit vi ved pianoet. Eg speler, og ho kastar ut melodiar og føreslår akkordar. Vi laga melodi, akkordar og teksten til denne låten på éin dag, og så har eg brukt hausten på produksjonen. Det var vanskeleg å finne det rette, men eg er veldig nøgd med resultatet, seier Gammalsæter.

– Nervepirrande

Han seier at han er oppteken av at songane han skriv skal vere ekte, usminka og råe.

– Eg prøver å oppmoda artistane til å seie det rett ut, og ikkje pakke inn bodskapen, seier han.

Han trur at låten kan gjere det bra i Eurovision, først og fremst fordi Tenfjord er ein dyktig artist.

– Når nokon syng godt om noko ekte som dei har følt på, trur eg det er ei god oppskrift. Det er noko ein kan relatere seg til. Folk er gode til å gjennomskode ting i våre dagar, seier han.

Bjørn Helge Gammelsæter er produsent og låtskrivar ved sida av juss-studiet. Foto: Robin Bøe

Gammelsæter synest det er nervepirrande å sende sangen til Torino. Han skal truleg sjølv vere med på laget og sitte i salen når sangen vert framført for heile Europa.

– Ein trur det jo ikkje heilt før det har skjedd. Eg kjenner på presset om å levere. Eg har jobba så sinnssjukt mykje med produksjonen, og håpar at det er verdt det, seier han. 

Byrja i kulturskulen

Gammelsæter har drive med musikk heilt sidan han byrja å spele klassisk piano i kulturskulen då han var seks år. Etter kvart vart han oppteken av akkordar og jazz. 

Parallelt har han vakse opp i kyrkja, der han har spelt mykje i band og Tensing. Då han var 14, vart han organistvikar.

Sidan har han gått musikkline og musikkhøgskule og spelt i bandet til og turnert med ulike pop-artistar. Dei siste to åra har han byrja meir med låtskriving og produksjon.


Foto: Wikipedia – Indrek Galetin/Aktiv I Oslo.no/Indrek Galetin/Martin Fjellanger, Eurovision Norway, EuroVisionary, kollasj Framtida.no