Musikkdagboka: Loui vil høyre Ariana Grande tolke rap på dialekt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Loui, som eigentleg heiter Emil Holmberg Lewe (26), er eine halvdelen av gruppa louilexus. Dei er Voldas største boyband og rappar på dialekt.

– Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

– Betre enn kva eg har i dag, lol.

Då han var tenåring brukte Loui mykje tid til å leite etter musikk, og var difor alltid tidleg ute med å høyre på nye band og låtar.

– Høyrde masse mixtapes, både nytt og gammalt. Høyrde på alt frå Dumboundead til Pogo. Fekk også høyre masse greier gjennom broren min, som var veldig inni elektronisk musikk og progrock, fortel han på e-post til Framtida.no, og held fram:

– I dag høyrer eg berre ein song på repeat i ei veke.

Akkurat no har han dilla på låten Long Road Home av Oneohtrix Point Never.

Om Loui skulle delteke i sin drøymeversjon av Hver gang vi møtes, hadde artistane vore Sli0h, Side Brok, Ariana Grande, og Will.i.am.

– Kva for ein av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist?

– Vil at Ariana Grande skal tolke Som De Her.

Sjølv ville Loui ha laga cover av Heartbreaker av Will.i.am.

Favorittsjanger:

– Trap / hiphop.

Favorittband/artist:

– Nick Drake.

Favorittlåt:

So hot you’re hurting my feelings <33 – Caroline Polachek.

Første album du kjøpte sjølv:

– Trur eg kjøpte Du betyr meg av Lars Vaular, eit Bon Iver-album og The College Dropout av Kanye West ca. samstundes.

Kva syng du i dusjen?

– Syng ikkje i dusjen, men høyrer av og til på music angel. Little Dragon er bra i dusjen.

Verdas beste kjærleikslåt:

Yes Man – Bjørn Johan Muri </33.

Beste treningslåt:

– Freddie Gibbs – Automatic.

Guilty pleasure:

– Kjartan Lauritzen.

Per Áki Sigurdsson Kvikne danna alter-egoet Kjartan Lauritzen for å irritere søskena. Pressefoto

Verdas mest undervurderte band/musikar:

– Grimm Doza.

Di største konsertoppleving:

– Å få spele sjølv er vel eigentleg dei største konsertopplevingane eg har hatt. Sett vekk frå det, hadde BigBang ein konsert på Giske som berre sit djupt i minnet. Jagajazzist hadde òg ein slik konsert som berre var perfekt.

– Såg også Side Brok i Ørsta under eit korpsstemne ein gong – framleis ingen andre rapparar som har toppa den konsertopplevinga, og det var med sitjeplassar på Ørsta kulturhus.

Runar Gudnason anno 1992 budde i ei hytte i skogen i lag med vener, og levde på poteter, brød og rulletobakk. – Eg hadde ei sterk kjensle av fridom og av at alt er mogleg, hugsar han.
Foto: Privat/Tord Lejon

Kven er din draume-duettpartnar, og kva låt skulle de teke?

– Don Toliver. Skulle laga låten sjølv, sjølvsagt.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

– Eirik Aas og Gowmar – Deltid.

Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Beyoncé hadde sikkert vore gøy å stå fast i heisen med. Føler at ho hadde passa litt på og hatt kontroll over situasjonen. Vi kunne prøvd å snakke om noko anna enn musikk (kanskje ho er litt lei av å snakke om det).

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Octavian med Chapter 1 <3

Kva låt vil du ha i gravferda di?

– Eg veit ei hamn – Kåre Steinsund


Glad: Amaarae – Céline

Lei meg: – Yes man – Bjørn Johan Muri

Sint: Grimm Doza.

Treng ein sjølvtillitsboost: Freddie Gibbs med Freddie Gibbs-albumet.


Les også: Bendik grin av Spice Girls og synest Queen er oppskrytt

Bendik. Foto: Ole Martin Halvorsen/Presse