Kunne ho vald melom alle artistar i verda, ville Bendik (29) hatt privatkonsert med Bjørn Eidsvåg i stova.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Silje Halstensen (29) frå Bergen er mest kjend under artisnamnet Bendik. Ho gjeve ut fire album, og vart nominert til Spellemannprisen i 2014, 2016 og også no for 2019.

Bendik konkurrerer mot Sigrid, Gabrielle og Ruben om den gjeve prisen for «Årets popartist».

I tillegg har 29-åringen vore nominert til Årets urørt i 2012 og Årets liveartist i P3 Gull i 2013.

I musikkdagboka deler artisten og låtskrivaren musikken som har forma ho:

Favorittsjanger:

Indiepopelektronikasjangeren! Eg elskar instrumentale elektronikalåtar ein kan danse til på byen, softe balladar og skitne gitarar.

Favorittband:

Radiohead er så veldig favoritt. Det bandet blei på ein måte vegen min ut av mainstream. Talk Show Host er og blir ein favorittlåt.

Første favorittlåt:

Viva Forever med Spice Girls. Eg grin kvar gong eg høyrer den.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Eg er imponert over kor mange førebilete eg høyrde på. M2M er eit godt døme på det og eg høyrde nok det lilla albumet tusen gonger.

Første album du kjøpte sjølv:

Det var nok M2M sitt lilla album det, ja.

Kva syng du i dusjen?

Oppvarmingsøvingar! Eg gløymer stort sett at dusjen er ein bra stad å synge.

Verdas beste kjærleikslåt?

Her synest eg det passar å putte inn min eigen låt, nemleg Perfekt. Det er min beste kjærleikslåt i alle fall!

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

Keep On – Sasha Sloan. Både tekst og musikk er 100%.

Beste treningsmusikk:

Fakethias sine låtar er heilt perfekte!

Guilty pleasure:

Voe med Don’t Talk To Me. Den både var og er min guilty pleasure.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

QUEEN (sorry).

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Verdas mest veit eg ikkje, sidan eg høyrer mest på ting med norsk tilknyting. Men akkurat no føler eg det er veldig spesielt at «Haugust» ikkje er huge big of a deal i Noreg.

Klangstof på en god nummer to!

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Bjørn Eidsvåg, seff. Trivelegare type skal du leite lenge etter!

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Eg vil gifte meg til same song som pappa spelte då eg blei døypt, nemleg låten han valde å kalla for «Silje».

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Blott en dag, utan tvil.

 

Norsk-ghanesiske Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie (25) gav ut plata «Unfinished Business» i desember og har allereie vore på turné i Sør-Afrika. Pressefoto