Gløym klimaangst og dårleg samvit: – Vi unge må organisere oss

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Nyleg vedtok FNs generalforsamling at tilgang til eit sunt og berekraftig miljø er ein menneskerett. Samstundes ser vi at Norge og verdas land ikkje gjer nok for å stogge klima- og miljøkrisa.

Framfor å passiviserast av klimaangst eller dårleg samvit i møte med dagens tafatte miljø- og klimapolitikk, må vi unge organisere oss.

Felles utfordringar krev kollektive løysingar

Ofte handlar klimatiltak om kva du som individ kan gjere for å redusera klimagassavtrykket ditt. Gjennom skremmande tal om den store norske miljøbelastninga vert vi fortalt at vi må gjera det vi kan for å redusera vår eigen negative påverknad og sikra at vi ikkje er ein del av problemet. Samstundes satsar framleis Noreg – og verda – på olje, auka forbruk og fortsatt økonomisk vekst.

Verda har avgrensa ressursar og gitte grenser, og i dag tar Noreg ein alt for stor del av den felles kaka. Rapport på rapport har vist at den grunnleggande årsaka bak den stadige auken i bruk av ressursar er noko heilt anna enn einskilde individ. Årsaka er dagens økonomiske system. Skal vi få bukt på dette må vi tenkje – og handle – annleis.

Vi kan ikkje løyse miljøkrisa gjennom å leggje skuld på enkeltpersonar. Vi må derfor ha eit oppgjer mot individualisering av miljøkrisa.

For å få løfta miljødebatten frå individnivået må vi organisera oss. Vi må finna løysingar saman, leva gode liv i gode samfunn – både lokalt og globalt – som ikkje går på bekostning av miljøet.

Arkivbilete frå skulestreiken for klimaet fredag 24. mai 2019. Foto: Mateo Jimenez Tilrem

Systemendring kan starta i det små

Sjølv om systemendring er det som må til for å sikre ei rettferdig og berekraftig verd, betyr ikkje det at vi som individ ikkje kan bidra til endring. Noko av det mest meningsfulle vi gjer er å verte del av noko som er større enn oss sjølve. Å verte del av eit kollektiv gjer at vi saman kan endre strukturane som er årsaka til notidas største problem.

Spire har fleire lokallag og politiske utval. Dei arbeider for å endre dagens økonomiske system på ulike måtar. Dei jobbar med politisk påverknad, driver med informasjonsarbeid og planlegg aksjonar og arrangement der målet er å sjå heilskapen og endra systemet.

Samstundes legg dei òg til rette for fleire tiltak som har store fordelar for lokalsamfunnet, som fikseverkstadar, bytekveldar, foodsharing og mange andre aktivitetar. Det alle desse aktivitetane har til felles er at dei er politiske handlingar. Å snu ryggen til kapitalkreftene som oppfordrar til overforbruk er å utfordra samfunnsstrukturane. Saman med politisk arbeid, både lokalt og nasjonalt, kan dei føra til systemendringar som skaper ei berekraftig og rettferdig verd.

Å snu ryggen til kapitalkreftene som oppfordrar til overforbruk er å utfordra samfunnsstrukturane.

Initiativ som gjer at det blir meir deling og mindre forbruk i samfunnet er utruleg viktige. Dessverre held det berre ikkje at vi gjer det som eit individ. Vi må organisera oss, og saman krevje felles løysingar. Politiske rørsler, som til dømes kvinnerørsla, borgarrettsrørsla og arbeiderrørsla har sikra viktige sigrar gjennom historia. Om vi skal få utretta noko for å bøte på klima- og miljøkrisa må vi òg jobba saman.

Det store behovet for desse kollektive handlingane er òg eit tydeleg teikn på at miljøkrisa ikkje vert løyst med dagens system. Lokallag og aktivistar rundt om i heile landet ser at dagens miljøpolitikk ikkje lukkast, og tek saka i eigne hender. Framfor å legga ansvaret på seg sjølv, samlast vi og vert organiserte for saman å krevja handling.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no! 


Foto: Chris LeBoutellier/ Kym Ellis. Henta frå: Unsplash.