Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Draumen var å leva av standup. Eg starta på amatørscenene i Oslo dette året, men det verka fjernt å kunne leva av det. Fire år seinare kunne eg likevel det, og sidan er eg blitt i den bransjen.

Det skriv komikar og idrettsmann Nils-Ingar Aadne i ein e-post til Framtida.no. 39-åringen turnerer denne hausten igjen med soloshowet sitt Da var det oss.

I showet vitsar komikaren mellom anna om vegen tilbake til livet etter at han brått mista sambuaren av hjartestans i 2018. NRK sin meldar rosar komikaren for korleis han lagar humor av alvor.

Komikaren har også engasjert seg i førebyggjande arbeid gjennom Ida Eides minnefond, som jobbar for å auke kunnskapen om hjartestans i idretten, auke tilgangen til hjartestartarar og forsking på feltet.

Men kven var eigentleg Nilsi som 20-åring?

Omreisande skodespelar

– Då fekk eg jobb som skodespelar i eit rusførebyggjande teaterprosjekt som turnerte Noreg rundt på vidaregåande skular. Første smak av scenelyset! 

Nils-Ingar Aadne fekk smaken på scenelyset som 20-åring. Foto: Privat

Dei fire skodespelarane køyrde rundt på turné, så kvardagen bestod av rigging og speling av teaterstykket.

– Så køyra til ny stad og ny runde. Vi hadde med eigne madrassar og sov på skulane kor vi skulle opptre dagen etter. Eit omreisande liv og eit år eg aldri gløymer.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei! Som skulle visa seg å bli litt frustrerande eit år eller to seinare.

Utrent idrettsfyr

Aadne hugsar ikkje så mykje av kva som skjedde elles i verda, anna enn OL i Salt Lake City, der Johann Mühlegg vann alt av gull.

– Han såg ut som ein frodande raudkokt hummar og aldri har vel verda sett ein meir dopa utøvar. Han blei sjølvsagt teken og det einaste vi hugsar i ettertid er ein klovn, minnest Aadne, som sjølv er ein habil skiløpar.

Spansk-tyske Johann Mühlegg (midten) gjorde reint bord under OL i Salt Lake City 2002. Norske Frode Estil (t.v) og Thomas Alsgaard måtte nøya seg med delt andreplass, men fekk seinare kvar sin gullmedalje i posten. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Om han hadde møtt seg sjølv som 20-åring trur Aadne at han hadde stussa over si eiga fysiske form og tenkt: «Så utrent du er? Kan ikkje gå rundt sånn, du som inst inne er ein idrettsfyr!»

Men noko har ikkje endra seg. Då, som no, las han helst aviser og såg sport på tv.

– Og på denne tida hadde ikkje seriane kome, så eg hugsar vi såg mykje meir film enn eg gjer i dag. 

Nils-Ingar Aadne brukte mykje tid i bilen som 20-åring. Foto: Privat

Smågodt i bilen

Sjølve 20-årsdagen hugsar han ikkje særleg godt, men reknar med han vart markert med smågodt i bilen. 

– Etter dette feirar eg bursdagen min kvart tiande år. Og snart er det dags igjen, påpeikar Aadne, som fyller 40 år i september.  

Han kan likevel hugsa tilbake til det sterkaste minnet frå 20 år sidan.

– Det er nok følelsen av å vera i gang med vaksenlivet. Plutseleg jobba eg, fekk løn og dreiv med noko eige utanfor den trygge heimen. Eigne pengar! 

Nils-Ingar Aadne hadde capsen bak fram, men hugsar kjensla av å kjenna seg vaksen. Foto: Privat

Mamma <3

Men kven som var den viktigaste personen i livet, har ikkje endra seg:

– Mamma. Nokre ting er konstant, uansett alder. 

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje gje slepp draumane du har, dei gjev deg eit fantastisk morosamt og spanande liv! 


Les også: Hege Schøyen laga sine eigne klede og ville vere evig student

Hege Schøyen. Foto: Privat.// Foto: Terje Bendiksby / NTB