Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skulle vere musikk heile tida og over alt i livet mitt, og eg skulle sjølvsagt bu i mange forskjellige land.

Hege Schøyen (64) mimrar tilbake til draumane ho hadde for framtida då ho var 20 år.

Ho gjekk på Toneheim folkehøgskule, og drøymde om å kome inn på Musikkhøgskolen. Der kom ho heldigvis inn neste vår, fortel ho i ein e-post til Framtida.no.

Folkekjær i 40 år

I 2022 er det 40 år sidan Schøyen debuterte på scenen med stykket «Med floss på katta» i 1982 på Chat Noir.

I fleire tiår har ho underhalde oss, og blitt ein kjend og kjær figur for fleire generasjonar.

Foreldra dine hugsar ho kanskje best som «Stælken Gundersen» eller som programleiar for ungdomsprogrammet «Midt i Smørøyet» frå 1987.

Dagens unge kjenner ho kanskje best som mora til Mathias i «Hvite gutter». Visste du at i røynda er ho faktisk mora til Jacob Schøyen Andersen?

Dei siste åra har ho spelt 200 forestillingar av showet «Tre elefanter i rommet» saman med Linn Skåber og Cecilie Steinmann Neess.

– Musikk heile tida

Tilbake på Toneheim folkehøgskule i 1977, gjekk det i musikk og gryande venskap døgnet rundt.

– Eigentleg synest eg alle burde ta eit år på folkehøgskule etter vidaregåande. Det er så sosialt og fint å dyrke interessa si utan eksamenspress og stress.

– Og spesielt ungdom frå Oslo, som meg sjølv, har veldig godt av å bli kjend med folk frå alle kantar av landet, for å ikkje gå i Oslofella og tru ein er i sentrum for alt som skjer.

Livet var proppa med musikk og kultur, og ho hadde alltid ei bok på nattbordet.

– Men eg hugsar ikkje kva eg las. Musikk var det heile tida, anten vi lytta eller spelte sjølv. Det gjekk mest i klassisk musikk, då som no, hugsar ho.

Etter Toneheim gjekk ho fire år med klassisk song som hovudinstrument på Norges Musikkhøgskole.

Så vart ho korist for ei rekke ulike artistar, både bak scenen og på scenen, på turnéar, konsertar i Grand Prix-finalar og etterkvart i revy.

https://youtu.be/__Ind2AvJP0?t=121

Korist for Bjørn Eidsvåg i 1985.

Migrene i 35 år

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Umogleg å svare på!

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, diverre. Eg har aldri vore så nøye med bursdagar, så det spørst om det blei noko som helst.

Det sterkaste minnet ho har frå då ho var 20 år, er ikkje av det kjekkaste slaget.

– For å vere heilt ærleg? At eg fekk migrene. Ein skavank som skulle følgje meg i 35 år. No er heldigvis marerittet over, fortel ho.

2013: Hege Schøyen får kyss på kinnet av Nils Vogt (t.h.) og Øivind Blunck etter å blitt tildelt årets heiderspris under Komiprisen 2013.
Foto: Vegard Grøtt / NTB

– Ville ikkje bli noko som helst

At ho skulle få fleirfoldige ærefulle prisar både som skodespelar, komikar og artist og vera landskjent for fleire generasjonar for sitt komiske talent, var nok vanskeleg å vite som 20-åring.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg ville helst ikkje bli noko som helst, trur eg. Eg ville vere evig student omgitt av musikk.

– Dessutan var eg sikker på at eg skulle snakke ein drøss med språk flytande. Veldig irriterande at det siste der ikkje slo til, haha.

Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde ho tenkt at «ho der har laga kleda sine sjølv!»

– Noko som sikkert stemte, fortel ho.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje ver så sjenert, det kjem til å gå bra.


Les også om korleis kvardagen til Jorun Stiansen var som 20-åring: Ho dreiv G-sport i Vennesla og melde seg på Idol!

Jorun Stiansen er aktuell som deltakar i årets Stjernekamp. Som 20-åring treivst ho på G-sport med faren. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK