Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gjekk frå å studere musikk til å halde på med teater døgnet rundt. Eg «budde» på ein teaterhybel på Studentersamfundet.

Mange i Noreg har eit forhold til Margrethe Røed (44) frå barne-tv. Ho er programleiar og produsent i NRK Super, og har slik vore ein stor del av oppveksten til mange unge i dag.

Men då programleiaren sjølv var 20 år gamal, i 1997, var livet hennar i studentbyen Trondheim, og det meste handla om teater.

– Vi spelte teater, laga teater, snakka om teater. Eg byrja til og med å drikke portvin, sjølv om eg eigentleg ikkje likte det, berre fordi det var teater-aktig å gjere, minnest ho.

– Det året skjedde det kokomykje i livet!

20 år gamle Margrethe Røed på revyscena utkledd som hund. Foto: privat

Forseinka førstegongsteneste

Det skjer mykje i livet hennar no også. Margrethe Røed blir nemleg å sjå på skjermen i publikumssuksessen Kompani Lauritzen på TV 2, der eit knippe kjendisar får prøve seg i førstegongstenesta à la Dag Otto Lauritzen.

– Det er det sjukaste eg har vore med på. Det var helit vilt slitsamt, skummelt og stressande og gøy på same tid. Vi fekk jo aldri fred frå befalet, og vi visste aldri kva vi gjekk til av utfordringar.

Margrethe Røed er ein av rekruttane i sesong 2 av Kompani Lauritzen. I første episode får ho ein brå start når ho må hoppe frå båten dei kjem i på veg til Setnesmoen. Foto: Matti Bernitz / TV 2

Opphaldet har lært Røed at når ein trur ein verkeleg er utslitt og ikkje har noko meir å gje, har ein kanskje berre brukt 20 prosent av det ein har.

– Det er heilt vilt kor mykje vi menneske har å hente av kraft/energi som vi trur vi ikkje har fordi vi lever så avslappa liv.

Det beste med å vere med, var å bli kjent med dei andre. Men Røed synest òg det var frigjerande å kjenne at ho faktisk klarte å pushe seg sjølv til ting ho trudde ho aldri ville ha gjort. Men ho trur ho aldri ville blitt ein tøff nok soldat.

– Sjølv om eg merkeleg nok elska å vere i det strenge regimet, trur eg nok eg trivst best sånn eg har det i jobben eg har.

– Vi måtte halde fullstendig orden og gjorde ting vi var redde for og sleit oss heilt ut. Det største ønsket til slutt var å få litt skryt av befalet som var så strenge heile tida, fortel Margrethe Røed om tida i Kompani Lauritzen. Foto: Matti Bernitz / TV 2

Revystjerne i Trondheim

«Barne-tv-Margrethe» har alltid visst kva ho skulle bli.

– Eg har hatt lyst til å jobbe i barne-TV eller å bli musikkterapeut for barn med spesielle behov heilt sidan eg var lita.

Margrethe Røed jobbar som programleiar og produsent i NRK Super. Foto: privat

Men det året ho var 20, var skodespel alt ho tenkte på.

1997 var det året som starta alt ho driv med no. Margrethe var med i ein revy på staden ho studerte musikk. Det blei mykje merksemd rundt revyen, som førte til at sjefane i SIT Studentersamfundets interne teater spurte om ho ville kome på audition som skodespelar.

Det var noko Røed trudde var uoppnåeleg, men ho gjekk likevel på audition, og enda med å få bli med i teatergruppa.

– Eg var så ekstremt lykkeleg og følte meg så enormt ønska i den gjengen der.

Og om ikkje det var nok, så fekk Margrethe vere med i UKA-revyen, som ho skildrar som noko av det største å vere med på.

Margrethe Røed backstage på revyen. Foto: privat

– Livet var ein fest! Eg stod på scena i storsalen og song, dansa, medan eg prøvde å få folk til å le.

Etter det handla heile studentlivet om å spele teater på studentteateret med vennar.

– Eg vil seie at utdanninga mi for kva eg held på med no kjem derfrå.

Kjærleikssorg til No Doubt

Røed forklarar at 1997 eigentleg var eit år fullt av kjensler i sving.

– Det blei slutt med kjærasten min som eigentleg var grunnen til at eg flytta til Trondheim. Det var så megadramatisk og trist.

Den viktigaste personen i livet hennar på den tida var venninna Lisa, som ho budde saman med på eit 10 kvadratmeter stort, eller lite, rom då det blei slutt med kjærasten.

– Ho støtta meg i tjukt og tynt, og måtte halde ut med all min dramatikk og sorg på nært hald. Eg hadde ikkje klart meg utan ho, understrekar programleiaren.

Ein annan som alltid har følgt Margrethe Røed i tjukt og tynt er David Bowie.

– Men det året høyrde eg mykje på Dronning Mauds Land. Jeg hugsar særleg Død Postmann. Eg syntest den teksta var så sår og fin.

– Då det blei slutt med kjærasten høyrde eg på Don´t speak med No Doubt på repeat, legg ho til.

Mange pingpongballar inni seg

Margrethe avslører at ho elskar bursdagar, og likar å ha mange vennar og familie rundt seg då, men merkeleg nok hugsar ho ikkje 20-årsdagen.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– «Ååååhhh du har mange pingpongballar inni deg», svarar NRK Super-profilen.

Margrethe Røed som 20-åring. Dei to sterkaste minna frå den tida er at det blei slutt med kjærasten og at ho var med i UKA-revyen. Foto: privat

Programleiaren forklarar at ho som 20-åring levde mest her og no. Men på privaten var ho veldig oppteken av at ho ville ha tre barn. Først to gutar og så ei jente, nett slik ho sjølv hadde vakse opp.

– Det høyrest kanskje sjukt ut at eg tenkte på det, men eg var skikkeleg opptatt av det. Og det raraste av alt er at det har blitt sånn på ekte. No har eg Cajus på 11, Julius på 7 og Milla på 4 år.

Om ho i dag hadde møtt 20 år gamle Margrethe Røed, ville ho råda seg sjølv til å halde fram med å leike og heie fram andre:

– Kjemp fram trua på deg sjølv når du er nede. Gjer du det får du til det meste av det du vil.


Som 20-åring hadde ikkje radioprofil Tuva Fellman peiling på kva ho skulle bli. I dag er ho aktuell som programleiar for nakendating på TV. Foto: privat / Max Emanuelson, kollasj Framtida.no