Då eg var 20: Yousef Hadaoui var i militæret og fekk politidraumen og hjartet knust

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var første gongen eg var borte frå alt eg kjenner til og alt som var trygt. Det var litt av ei oppleving, for å vera heilt ærleg.

20 år gamal var Yousef Hadaoui (40) i Setermoen garnison for å gjennomføra førstegongsteneste, over 1000 kilometer frå heimstaden Bøler i Oslo.

«Skal me ha ein svarting på rommet»

– Eg hamna i klinsj med ein gong. Det var første gongen eg kjente ordentleg på usikkerheit og litt angst. Eg hadde ikkje den tryggheita med vener rundt meg, og å vera på ein leir med masse ukjente folk var litt skremmande, minnest Hadaoui.

Klinsjen han hamna i oppstod då ein medsoldat frå Utsira mumla: «Skal me ha ein svarting på rommet», noko Hadaoui tok eit oppgjer med at ikkje var greitt å seia.

– Så kom kapteinen og sa at de to skal bu saman. Det som er fantastisk er at me enda opp som gode vener. Han frå Utsira hadde nok aldri sett ein mørk fyr og trudde alle frå Oslo var med i A eller B-gjengen. Og eg hadde mine fordommar og trudde alle på bondelandet var rasistar, ler Hadaoui.

Politidraumen som brast

Opplevinga av å gå gjennom prøvingane i den militære helvetesveka, der dei opplevde smerte og svolt og saman drøymde om McDonalds, var noko av det som førte gutane saman.

– Me fann dei fellestinga, som at me begge likte fotball og blei vener. Det gav meg håp for livet, seier Hadaoui, som har stor tru på at å gå i dialog og finna fellestrekk er viktig.

På den tida drøymde Bøler-guten om å bli politi, som var grunnen til at han tok førstegongsteneste.

– Eg tenkte aldri eg skulle bli komikar, sjølv om eg alltid var klassens klovn. Eg tenkte å bli politimann, fordi eg såg tidleg at det var få politi med minoritetsbakgrunn. Eg ville bli ein brubyggjar.

Hadaoui har alltid likt å snakka med folk og forstå seg på ulike menneske, eit trekk han trur han har med seg frå sin marokkanske bakgrunn.

Politidraumen vart likevel knust av dårleg syn, noko som førte Hadaoui vidare inn i musikk- og underhaldningsbransjen.

Kjærleikssorg på kasernen

Det året skulle også den unge soldaten få hjartet sitt knust, eit minne som framleis sit sterkt i.

– Eg hugsar at eg var sjuk og at dei andre var ute på øving. På den tida var det SMS og ladekort, og hadde du ikkje nok tellarskritt så var det slutt. Det vart slutt då eg gjekk tom. Eg sat i ein kaserne i tre dagar og var berre jævlig lei meg, og kunne ikkje ringe ut, minnest Hadaoui.

– Du sit og ventar på ei hyggjeleg melding, men ho kom aldri. Det var ikkje noko hyggjeleg. Det var mi første kjærleikssorg og ho sat litt djupare då. I ettertid skjønte ein at det ikkje var så farleg, men der og då tenkte eg at korleis går det an å leve no? Livet er jo umogleg å leve utan Hanne Gran.

Ricky Martin og Tupac

Men dei to viktigaste personane i livet til Yousef (20) var endå lenger vekke enn Oslo.

– Det var Ricky Martin og Tupac. Eg elska å høyre på Ricky Martin og Tupac fordi det som gav meg styrke var å høyra musikken og kjenna seg att i tekstane.

Det var kjærleiken til Ricky Martin som fekk Hadaoui til å velja spanskstudium etter militærtenesta var unnagjort.

Ricky Martin var på høgda av karriera i 2001 og løftar her trofeet for årets mannlege artist under den siste Blockbuster Entertainment Awards. Rapparen Tupac Shakur fotografert i 1996, same år som han vart skoten og drept. Foto: AP Photo/Michael Caulfield og AP Photo/Frank Wiese, File

Nynazistar, marokkanarar og pakistanarar

– Når det kjem til menneske eg kjenner var det fotballtrenaren min. Eg hadde eit veldig godt forhold til han. Me hadde eit lag på Bøler som alle snakka om. Det var nynazistar, marokkanarar og pakistanarar på same lag, som kriga og blødde saman.

Hadaoui lærte mykje av å sjå motpolane på nært hald og prøvde å forstå seg på nazigutta han var oppvaksen med.

– Den haldninga med å finne fellestrekk er noko eg har teke med meg vidare. Anten du er Hege Storhaug eller Arfan Bhatti handlar det om å finna dei riktige knappane og trykka riktig. Finn ein noko felles går det fint. Finn den eine tingen, anten det er ballett, fotball eller å laga kaker.

I tredje sesong av «Svart humor» (2018) møtte Yousef Hadaoui islamkritikar Hege Storhaug då han spurde folk om dei var redde for terror. Foto: NRK

Hitsingel og feministspøk

Det skulle framleis gå nokre år før Yousef i 2007 gav ut singelen Mamacita med Aylar Lie, som ikkje fekk all verdas mottaking i Noreg, men gjorde stor suksess på hitlistene i både Tyskland og Midtausten.

Han droppa ut av spanskstudia for å satsa på musikken, og det var rein tilfeldigheit at han fekk sin første jobb som stuntreporter i NRK.

– Eg var på NRK og skulle levera bakgrunnsmusikk me hadde laga til ein serie. Der møtte eg Harald Eia og Bård Tufte Johansen som skulle laga eit nytt show og trong ein utegåande reporter med minoritetsbakgrunn.

Kort tid seinare skapte Hadaoui overskrifter då han fekk feminist Martine Aurdal til å kle seg i hijab under dekke av å vera reporter for tv-kanalen Al-Jazeera.

Søkte Robinsonekspedisjonen

– Kva tankar hadde du om livet og framtida som 20-åring?

– Ingen. Absolutt ingen. Det var berre å høyra på musikk, leva, møta nye menneske og ta ein dag av gangen. Eg var aldri bekymra for kva eg ville bli, men tenkte berre at eg finn ut av det. Det var «Let’s go baby» og tut og køyr heile tida.

Denne haldninga trur Hadaoui det er mange 20-åringar som kan kjenna seg att i.

Tidleg 2000-tal byrja fleire ulike realitykonsept å dukka opp på norske tv-skjermar, og Hadaoui søkte faktisk om å bli med som deltakar i Robinson-ekspedisjonen.

– Eg er så glad eg ikkje hamna der, for plutseleg sit du der og er kjent som Paradise-Yousef, ler 40-åringen, som dreg parallellar til dagens realitykvardag.

Lytt meir!

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv som 20-åring?

– Lytte meir. Eg trur at alle 20-åringar går gjennom ein sånn meg-meg-meg-fase. Men verda går ikkje rundt meg, sjølv om det følest veldig sånn då. Berre ta det litt meir med ro. Du må ikkje vere med på alt av festar og alle drikkelag. Tips til alle 20-åringar må vere å ta det litt meir med ro, du treng ikkje vere med på alt.


Hanne Kristin Rohde (59) studerte juss som 20-åring og har etter ein lang karriere i politiet skrive fleire krimbøker. Foto: Trond Heggelund