AUF-leiaren om skeive: – For mange opplevast det ikkje trygt i kvardagen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare heldt også organisasjonen Fri sommarleirane sine på Utøya. Den gong vart han ifølgje AUF-leiar Astrid Hoem kalla «homoøya» av mange, men likevel er det ein lang veg å gå for at skeive ikkje skal oppleve hets og trakassering i kvardagen, understrekar AUF-leiaren.

– For mange opplevast det ikkje trygt i kvardagen. Det veit vi fordi vi har høyrt historia om jenta som ikkje tør halde kjærasten sin i handa på gata, fordi kjærasten er jente, sa AUF-leiar Astrid Hoem då ho talte under opninga av AUFs sommarleir på Utøya torsdag.

I talen sin sa AUF-leiar Astrid Hoem at det er eit spesielt band mellom Utøya og den skeive rørsla – og at dette bandet er sterkare etter Oslo-skytinga 25. juni.

– Angrepet ramma mange av dei som allereie har måtta kjempe for å få vere seg sjølv, sa Hoem til dei 700 ungdommane på sommarleiren.


Les også: Unge skeive får høyra at dei «fortente det» i etterkant av masseskytinga i Oslo

Leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen hadde ei intens og hektisk helg i etterkant av masseskytinga. Foto: Andrea Nøttveit