Stressa for eksamen? Her får du tips frå studentpsykologen!

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner du tida ikkje heilt strekker til før eksamen, og du får ilt i magen berre av tanken?

Magnus Lia er psykolog hos Studentsamskipnaden i Søraust-Norge (SSN), Foto: SSN

Då kan desse tipsa frå Magnus Lia, psykolog hjå Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (SSN), kanskje hjelpe deg handtere stresset.

– Om ein tek desse råda på alvor og verkeleg går inn for å følgje desse no inn mot eksamen, så vil det forhåpentlegvis gje litt meir ro og betre førebuingar, seier han i ei pressemelding frå SNN.

Her er hans fem beste råd i eksamensinnspurten:

1: Konsentrer deg om det du faktisk kan gjere noko med

Dette inneber at du må akseptere situasjonen som han er. Du får ikkje gjort noko med det som allereie har skjedd, men det er av stor betydning kva du vel å gjere den tida som er att. Det gjeld uansett om det er igjen fire veker eller fire dagar til eksamen.

2: Gjer prioriteringar

Prøv å skaffe deg ei oversikt over fagstoffet og ta nokre val du vel å fokusere på. Ofte kan det vere mykje å hente i å sjå på powerpoints frå førelesingar og ikkje minst tema frå gamle eksamensoppgåver. Jobb med éin ting om gongen. Strukturer dagane! 

3: Allier deg med medstudentar

Det er alltid bra å jobbe saman med nokon. Det er forpliktande, det gjev ein sosial gevinst og ein kan lære kvarandre.

4: Varier metode

Les, diskuter, sei ting høgt, det gjev ei djupare forståing. Gjer gamle eksamensoppgåver. Då får du òg trent på å bruke kunnskap, som gjev ei fin førebuing til sjølve eksamen. Ta pausar når du merkar at konsentrasjonen sviktar.

5: Gje plass til andre aktivitetar

Avkopling er heilt vesentleg for restitusjon og trivsel. Det senkar dessutan stress. Ingen klarar å vere effektiv samanhengande over lang tid, og då er det betre å legge inn nokre avbrekk. Å gå ein tur, ta ei treningsøkt eller gå på kafé kan vere det du treng for å setje kropp og sinn i stand til å ta imot meir kunnskap.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen