Fleire meldingar om hatkriminalitet mot skeive etter Oslo-skytinga

Nesten halvparten av meldingane for hatkriminalitet den siste månaden har dreidd seg om hat mot skeive. Det har komme nesten like mange meldingar på éin månad som heile resten av året.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet i politiet.

25. juni opna 43 år gamle Zaniar Matapour eld mot to utestader og eit gatekjøkken i Oslo, mellom anna London Pub, som er kjent som ein skeiv utestad. To menn vart drepne og over 20 skadde i skytinga.

Politiet jobbar etter fleire teoriar, og blant dei er at skytinga var hatkriminalitet retta mot homofile. Matapour er sikta for drap, drapsforsøk og terror.

Merksemd rundt hatkriminalitet

Etter angrepet har det vore merksemd rundt fleire tilfelle av hatkriminalitet mot skeive, eller folk som går med regnbogefarga gjenstandar.

Budstikka har skrive om ein mann som vart utsett for både fysisk og verbal trakassering fordi han og barna hadde med seg ein regnbogefarga bag.

Ei rekkje tilfelle av brenning av pride-flagg har også vakt merksemd, og fleire skeive har stått fram med historiene sine om hatkriminalitet.

61 meldingar på ein månad

Til saman var det 68 meldingar for hatkriminalitet på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk frå 1. januar til 24. juni. Frå 26. juni til 26. juli var det 61 slike meldingar.

I dei same periodane var det høvesvis 341 og 126 meldingar for hatkriminalitet generelt. Nesten halvparten av alle meldingane den siste månaden har altså dreidd seg om hat på grunnlag av seksuell eller kjønnsmessig orientering.

I tillegg opplyser politiet om at dei har fått 39 tips på den nasjonale tipsportalen for hatefulle ytringar i perioden. Det er oppretta åtte straffesaker i samband med slike tips.

Det nasjonale kompetansemiljøet til politiet innan hatkriminalitet ønskjer ikkje å kommentere om det høge talet politimeldingar kjem ein reell auke av i talet på lovbrot, eller ein at det no kan vere ein større del lovbrot som faktisk blir meldt.

Fleire politidistrikt opplever auke

NTB har spurt politidistriktet i landet om talet på politimeldingar for hatkriminalitet den siste månaden, samanlikna med same periode i fjor. Sju av elleve distrikt har svart, og fleire fortel om ein større auke. Politiet antek også at det er store mørketal knytt til hatkriminalitet.

Aust politidistrikt fekk ti meldingar om hatkriminalitet i perioden, mot fire i 2021. Oslo politidistrikt åleine har fått 28 meldingar for hatkriminalitet basert på seksuell orientering sidan 25. juni.

Berre to av politidistrikta som har svart har opplevd ein nedgang i talet på politimeldingar: Agder og Vest. Agder har likevel motteke fleire meldingar for hatkriminalitet spesifikt mot skeive.

Vanskeleg å svare om mørketal

Nordland politidistrikt har fått to meldingar om hatkriminalitet knytt til seksuell legning i løpet av den siste månaden.

– Det er vanskeleg å svare på om det er store mørketal. Det er fleire saker i år enn i fjor. Det kan jo tyde på at folk er meir klar over å melde dette. Samtidig er talmaterialet så lite at ein skal vakte seg vel for å trekkje slutningar av dette åleine, seier fungerande påtaleleiar Steffen Ravnåsen.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har likevel samla inn statistikk som viser at tala frå den siste månaden er ein del av ein større trend, skreiv Klassekampen 28. juni i år.

Fleire skeive blir utsett for hatkriminalitet

– Det har vore ein jamn auke i meldingar av hatkriminalitet knytt til seksuell orientering dei seinare åra, seier avdelingsdirektør Anne Bjørshol i Bufdir.

I 2012 var det 34 politimeldingar av hatkriminalitet på bakgrunn av seksuell orientering, medan det i 2020 var 97.

Nasjonal tryggleiksundersøking 2020 , som vart publisert av Velferdsforskningsinstituttet NOVA i januar, kom det også fram at 15 prosent av dei spurde som identifiserer seg som homofile eller lesbiske, har vore utsett for hatkriminalitet. Blant bifile var talet 14 prosent. Blant heterofile var det berre 3 prosent som hadde vorte utsette.

Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen har hatt ei intens og hektisk helg i etterkant av masseskytinga. Foto: Andrea Nøttveit