Tok til orde for å køyre bil, blir torturert i fengsel

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig trist at ein ikkje kan protesterer på ein fredeleg måte, og ikkje kan uttale seg mot regimet. Det er veldig alvorleg og veldig ille, seier Victoria Steen Hansen (19), leiar for Amnesty Ungdom Tønsberg.

I månadsskiftet juli august var ho og fleire nordiske ungdomsrepresentantar samla på Nordic Youth Conference, der dei arrangerte fleire demonstrasjonar for kvinner som er fengsla utan tiltale eller dom i Saudi-Arabia.

Arresterte utan dom

Sidan mai 2018 skal fleire saudiarabiske aktivistar inkludert ei rekke kvinner blitt arresterte utan nokon dom, i Dhahban-fengslet i Saudi-Arabia. Ifølgje ein rapport frå Amnesty har fleire av kvinnene blitt utsette for tortur og seksuell trakassering.

Tidlegare i januar kom nye vitnesbyrd via ein eksil-saudisk organisasjon, som fortel om grov tortur og seksuell trakassering som blir brukt mot desse fangane.

Frå aksjon for dei fengsla kvinnene under Nordic Youth Conference i København i sommar. Over 50 ungdomsrepresentantar for Amnesty frå dei nordiske landa var samla. Foto: Privat

Kvinnene skal ha blitt utsette for elektrosjokk, pisking, og blitt kledde nakne. Ein av kronprins Mohammed bin Salmans nære medarbeidarar skal ha vore vitne til torturen, og sjølv truga med at han kunne gjere kva han ville med dei.

I ei uttaling til nettstaden CNN i november i fjor avviste Saudi-Arabia anklagene om tortur.

– Kongedømet Saudi-Arabia sitt rettsystem verken tolererer, fremjar eller tillet bruken av tortur. Alle, både menn og kvinner, som vert etterforska går gjennom ein standard rettsprosess leia av statsadvokaten medan dei vert halde for avhør, som på ingen måte nyttar tortur anten det er fysisk, seksuell eller psykologisk, heitte det i uttalinga frå dei saudiarabiske myndigheitene.

Tatt til orde for å køyre bil

Ifølge vitnesbyrd skal aktivistane ikkje ha vore i stand til å gå eller stå på vanleg måte, hadde ukontrollerte skjelvingar på eine handa, og merke på kroppen. Ei av aktivistane skal fleire gonger ha forsøkt å ta sitt eige liv inne i fengslet.

Loujain al-hathloul er ei av dei som er fengsla. (Iman, Aziza)
Ho køyrde bil inn over grensa frå eit anna land i Gulfen og vart arrestert nokre år tilbake. Ho vart tiltalt som terrorist for å køyre bil som kvinne, fortel Ina Tin i Amnesty. Foto: Amnesty

Loujain al-Hathloul er ei av dei som har vore arrestert i lang tid. I slutten av juli vart kvinneaktivistane Samar Badawi og Nassima al-Sada fengsla. Begge har tidlegare vorte fengsla for engasjementet sitt.

Ingen av desse kvinnene har ein tiltale eller fått ein dom, og sit kun i varetekt. Dei har tatt til orde for at kvinner skal ha rett til å køyre bil i Saudi-Arabia og for at dei vil avvikle vergeordninga i landet, ei lov som gjer at kvinner må ha ei formell tillatelse frå ein mannleg verge før ho kan studere, gifte seg, køyre bil eller få pass.

Éin av dei hovudmistenkte i drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi skal ha leia avhøyra.

Fryktar terrordomstol og opning for dødsstraff

Ina Tin, seniorrådgivar i Amnesty, meiner det er heilt opplagt at grunnen er at  myndigheitene misliker at dei «tek seg til rette» og kjempar for kvinners rettar. Ho fryktar utviklinga.

– Det vi fryktar er at myndigheitene bygger opp ein opinion mot kvinnene i media med å framstille dei som forædarar, og at dei vil stille dei for terrordomstol med ei mogleg strafferamme på 20 år.

Ho fortel at lovgivinga dei da blir dømte under òg opnar for bruk av dødsstraff.

– Det finst andre situasjonar der folk har vorte utsette for dette, og vi kan ikkje utelukke at det kan skje desse, seier Tin.

– Bruker alle tenkelege og utenkelege metodar

Tidlegare har noverande kronprins Mohammed bin Salman tatt til orde for eit meir moderat islam, og for at kvinner skal kunne få køyre bil i landet. Dette står i kontrast til fengslinga av kvinnene.

Ina Tin i Amnesty sentralt, er bekymra for utviklinga.

– No ser vi veldig tydeleg at han er ein veldig autoritær og problematisk eineherskar som ikkje går av vegen for å bruke alle tenkelege og utenkelege metodar for å halde befolkninga i sjakk gjennom frykt. Det er ei veldig negativ utvikling, seier Tin.

Ho oppmodar internasjonale myndigheiter til å ta eit klart standpunkt.

– Nettopp fordi folk blir knebla internt i landet, er einaste moglegheit for justering at internasjonale myndigheiter seier klart og tydeleg stopp. Det er viktig at vi bryr oss om det som foregår, seier Tin.

I Amnesty Tønsberg Ung planlegg dei å aksjonere vidare for dei fengsla kvinnene.

– Sjølv om Saudi-Arabia prøver å få god merksemd og prøver å vise at dei har endra imaget sitt, så skjer det mykje grums under overflata, og det skjer minst like mange brudd på menneskerettane i dag. At desse kvinnene blir utsette for tortur i fengsel, det kan vi ikkje akseptere!, seier Steen Hansen i Amnesty Ungdom Tønsberg.