Maja (16): – Eg er ikkje ei dum jente berre fordi foreldra mine valde å busetja seg på Nordstrand

Maja Brannstorph (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kven er du? Enkelt spørsmål for nokon, ikkje fullt så enkelt for andre.

Identitet er noko alle har, sjølv om du enno ikkje veit kven du er. Det kan ta lang tid før du føler deg sikker på identiteten din. Mange brukar tenåra på å utforska seg sjølv, og sjølv etter det kan det hende du ikkje har funne deg sjølv. Men slapp av, der er ikkje noko hast.

Så kven er eg? Eg ein nerdete handballkeeper frå Oslo. Ei bifil 16-årig tenåringsjente med langt raudbrunt hår og blå auge. Halvt nordlending og halvt østlending. Eg er faktisk to centimeter over gjennomsnittshøgda for kvinner i Noreg. Eg elskar å baka, geografi, språk, og gitar. Eg er den eldste dottera til Ingebjørg og Jørgen.

Desse boksane eg puttar meg sjølv inn i, betyr jo eigentleg ikkje så mykje. For du kjenner jo ikkje meg ved å vita at eg liker å baka.

Det er tankane og handlingane mine som gjer meg til meg. Mi familie si historie, ytre utsjånad og etnisitet er sjølvsagt ein viktig del av kven eg er, men eg trur at for å verkeleg kjenna ein person, burde du vita kva dei meiner og korleis dei tenker.

Det er ikkje nok å berre vita kva land ein person er frå. Det er ikkje nok å berre vita kva religion dei tilhøyrer. Det å berre vita nokons tilhøyring kan gå så langt at folk byrjar å sjå på deg som berre «ein del av denne gruppa», både på godt og vondt. Det er dessverre ekstremt mange som møte fordommar på bakgrunn av sin etnisitet, religion, seksualitet og utsjånad.

Eg er jo bifil, så du skulle kanskje trudd at eg har møtt mange som misliker seksualiteten min. Men eg har vore ganske heldig på dette punktet. Eg har budd i Oslo heile livet, Noregs største by, og likevel har eg klart å styra unna ganske mange dømmande blikk. Eg er i ein venegruppe der vi er fleire som tilhøyrer LHBTQ+, og det gjorde det veldig enkelt for meg å komma ut og seia at eg likte både gutar og jenter. Eg trur ikkje eg hadde vore så tidleg ute med det viss det ikkje hadde vore for dei eg blir omgitt dagleg.

Foto: Privat

Det var òg stor hjelp å vita at Noreg er eit trygt land. Det er veldig beroligande å bu her. Noreg er ikkje perfekt, men det er veldig fint å sjå alle PRIDE-flagga som flagrar i vinden heile juni.

Sjølv om eg ikkje møter mange fordommar om seksualiteten min, så har eg jo «vorte dømd» av andre menneske, men kanskje ikkje for den grunnen du trur.

Eg møter fleire som ser ned på meg berre fordi eg bur i bydel Nordstrand, for der er jo alle «kjemperike og snobbete». Andre ungdommar trur eg er ein skikkeleg «bitch», og mange politikarar påstår at meiningane mine ikkje betyr like mykje som dei ute på bygda, fordi eg som Oslojente, aldri har kjent noko anna enn storbyen, Starbucks og T-banen.

Eg ser òg mange nettforum der Oslofolk blir kalla arrogante, sjølvopptekne og sure. Eg blir skikkeleg sur kvar gang nokon seier slike ting til meg. Nei, eg er ikkje ei dum jente berre fordi foreldra mine valde å busetja seg på Nordstrand.

Eg er ein 16-åring med eigne meiningar og tankar, akkurat som alle andre. Alle menneske har rett til ei meining, og retten til å kunne ytra identiteten sin utan å vera redd for å bli dømt av andre.

Ingen skal måtta endra på seg sjølv berre for å passa inn, eller for å gøyma sin eigne identitet. Ingen skal seia til deg kven du er, og kva identiteten din er. Den er det du som bestemmer.

Eg er veldig stolt av min eigen identitet, og ville ikkje bytt han med noko anna. Eg er fullt klar over korleis folk oppfattar meg, og kva inntrykk eg gir dei.

Handballfolk kjenner meg som «keeperen til Nordstrand».

Klassen min kjenner meg som ho nerden i A-klassen.

Familien min kjenner meg som det eldste barnebarnet, niese, kusine og dotter.

Vennene mine kjenner meg som Maja.

Eg er meg.


Gerda Norke vann skrivekonkurransen til Framtida.no om Identitet. Ho er akkurat ferdig med siste året på vidaregåande: – Eg får nesten eksistensiell krise av det, for eg veit ikkje kva som skal skje vidare Foto: Privat