FN sin narkotikastrategi dei siste ti åra har vore ein fiasko, ifølge ein stor rapport frå The International Drug Policy Consortium (IDPC). Det skriv CNN, som viser til rapporten Taking Stock: A decade of drug policy.
IDPC som har gitt ut rapporten, er eit globalt nettverk av 177 ikkje-statlege organisasjonar, og består av blant anna akademikarar og tenketankar,. Nettverket fokuserer på tema knytt til narkotikaproduksjon, handel og bruk.
Målet deira er å fremme ein objektiv og open debatt om effektiviteten, retninga og innhaldet i narkotikapolitikken på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Les også: Canada legaliserer marihuana
Negative effektar på helse og menneskerettar
Rapporten frå IDPC hevdar at FN sin innsats for å eliminere det illegale narkotikamarkedet innan 2019 gjennom ei «krig mot narkotika» -tilnærming har hatt liten effekt på global forsyning.
Derimot har strategien hatt negative effektar på helse, menneskerettar, tryggleik og utvikling.
Ifølge rapporten har narkotikarelaterte dødsfall auka med 145% i løpet av de siste ti åra, med over 71 000 overdose-dødsfall berre i USA i 2017.
Minst 3940 personer vart avretta for narkotikalovbrot rundt om i verda dei siste 10 åra, medan narkotikaaksjonar på Filippinene har resultert i rundt 27.000 drap utan rettssak.
Med bakgrunn i desse tala oppmodar no The International Drug Policy Consortium om at FN vurderer ein annan narkotikastrategi dei neste 10 åra, fram mot eit toppmøte i mars 2019 i Austerrike, skriv CNN.
– Denne rapporten er nok ein spiker i kista for krigen mot narkotika, seier Ann Fordham, administrerande direktør i IDPC.
Les også: Fleire vel marihuana framfor alkohol og sigarettar