Avskaff § 8-8 om mellombels opphald!

Isaac Elstad Røssnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Meiningsinnlegget blei fyrst halde som ein appell ved ei markering tidlegare i år. Teksten er omsett og gjeve att med løyve.

Me skal ikkje slutta å snakka om mellombelse opphald før ordninga blir avskaffa. Me skal ikkje berre snakka om kor skadeleg denne ordninga er når det er dagsaktuelt. Me skal ikkje venta til nyheitsartiklane blir fylt med argument om «ressurssterke asylborn som kjem åleine til Noreg berre for familiegjenforening».

Me skal ikkje venta på debatten. Det er no me skapar endring!

For det har allereie teke for lang tid. Det er 13 år sidan mellombelse opphald for einslege asylborn blei innført. Å seia at det ikkje har skjedd noko sidan då hadde vore lygn, men fakta er at problemet held fram. Små endringar i ordninga og asylsystemet fiksar ikkje det ibuande problemet.

Asylsystemet er ikkje tilpassa born. Det tek ikkje omsyn til kva som er best for barnet. Endringane i ordninga ignorerer at mellombels opphaldsløyve for einslege asylborn ikkje er ei ordning som kan bli fiksa, ho må bli avskaffa!

Det har allereie teke for lang tid

Mellombels opphald set livet til asylborn på vent. Mellombels opphald er avslag med ventetid. Desse borna får ikkje ta del i samfunnet på lik linje med andre born.

Dei får ikkje gå på skulen, og har heller ikkje moglegheita til å jobba. Dei får ikkje delta på fritidsaktivitetar og henga med venane deira på deira eigne premiss. Dei får ikkje den fysiske eller psykiske helsehjelpa dei treng. Dei får ikkje påverka eigen kvardag på ein meiningsfull måte. Dei kjem til landet med eit håp om ei betre framtid, men blir sitjande heilt åleine og venta på flukta som snart skal starta igjen. Alt dei kan gjera er å venta.

Dette er djupt urettferdig og direkte diskriminering av born. Om ein får rettane sine varetekne bør ikkje henga saman med opphaldsstatus. Det er noko alvorleg gale med eit system som diskriminerer born på denne måten.

Alt dei kan gjera er å venta.

Det kan ikkje halda fram på same måte. Me kan ikkje halda fram med å ignorera rota til problemet.

Asylsystemet legg opp til diskriminering av born – og det er noko me ikkje kan akseptera. Regjeringa er nøydd til å fylgja opp punktet i Hurdalsplattforma som seier at kva som er best for barnet skal vera «et grunnleggende hensyn i behandlingen av asylsaker som berører barn». Det er det ikkje i dag. Generelt i asylsystemet er «barnets beste» noko ein sjeldan høyrer. Asylborn blir snakka om som statistikk – og ikkje som dei individa dei er.

Det er på tide med eit oppgjer med eit system som ikkje tek omsyn til kva som er best for det enkelte barnet. Det er på tide å avskaffa § 8-8 om mellombels opphald.


Isaac Elstad Røssnes er fungerande og påtroppande leiar i Press. Draumegjesten hans til middagsbesøk er Toni Morrison. Foto: Press, Mike Strasser/USMA PAO/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0. Kollasj: Framtida.no