Marvels første muslimske superhelt er her
Marvels første muslimske superhelt har fått sin eigen TV-serie på Disney+. For hovudrolleinnehavar Iman Vellani vart Ms. Marvel-rolla ein måte å knyte seg til sin eigen pakistanske arv på.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg håpar dette opnar dørene for meir mangfald i superheltindustrien, seier ho til TT.
Iman Vellanis barndom var sterkt prega av Marvel, og favoritten var Iron Man. Då den pakistansk-canadiske tenåringen byrja på vidaregåande skule, var ho friminutta i ein nærliggjande teikneseriebutikk, og det var der ho oppdaga teikneseriefiguren Kamala Khan / Ms. Marvel.
– Herregud, kven er denne kule personen, tenkte eg. Eg vart veldig oppteken av henne og kledde meg til og med ut som henne på cosplay-treff, fortel skodespelaren.

Ho var eigentlig opptatt av å jobbe bak kamera då rolla som Ms. Marvel dukka opp. Men Iman Vellani klagar ikkje over muligheita ho har fått. Foto: AP
Klager ikkje
Samtidig som ho oppdaga Ms. Marvel, starta den no 19 år gamle skodespelaren med teater. Her kjende ho seg likevel ikkje heilt på heimebane, og ho byrja i staden å interessere seg for den tekniske biten av filmproduksjon.
– Eg ville sjå kva eg kunne bidra med der, og på den måten gjere meg kjend med heile prosessen med å lage film. Men så kom altså Ms. Marvel som lyn frå klar himmel. Det fungerer ganske bra, så eg klagar ikkje, ler ho.
Første gong Kamala Khan dukka opp i ein teikneserie, viste kalenderen 2013. Eit år seinare fekk ho sitt eige blad. I Disneys TV-serie-adapsjon er Kamala Khan ein 16-årig amerikanar med pakistanske røter, som er besette av Avengers. Livet hennar tek nye vendingar når ho oppdagar eigne superkrefter, samtidig som ho byrjar å interessere seg for røtene sine. Iman Vellani kan kjenne seg igjen i denne reisa.
– Eg kjende meg fråkopla min eigen kultur då eg voks opp i Canada, det var ein del av meg som ikkje aksepterte at eg var pakistansk – og muslim, seier ho.
Innstillinga til Iman Vellani endra seg under innspelinga, der ho trefte mange folk med asiatiske og- eller muslimske bakgrunnar.
– Både eg og Kamala fekk høve til å knyte oss til røtene, seier ho.

Iman Vellani spelar superhelten Ms. Marvel. Her er ho på den raude løperen før Los Angeles-premieren. Foto: AP
Stolt av røtene
Skodespelaren kan også samanlikne familien til rollefiguren med sin eigen, ho finn fleire likskapar, seier ho.
– Mora og far min er også ganske oververnande. På vidaregåande måtte eg spørje fleire veker i førevegen dersom eg ville gå på fest, fortel ho – og refererer til eit liknande scenario i TV-serien.
– Men eg er glad for oppveksten min, og glad eg kan skildre eit barn av innvandrarforeldre på TV – og vise nokon som er stolt av bakgrunnen sin, og ikkje likegyldig til den, seier 19-åringen. Som håpar Ms. Marvel er starten på meir mangfald innanfor superheltuniverset.
– Dette er filmar som blir viste over heile verda, så det er rimeleg å tru at dei også representerer menneske frå heile verda, slår ho fast.
Fakta om «Ms. Marvel»
- I TV-serien «Ms. Marvel» følgjer vi 16-årige Kamala Khan, ein amerikanar med pakistanske røter, som oppdagar at ho har superkrefter.
- Rolla blir spelt av Iman Vellani.
- I rollene ser vi også Alysia Reiner, Matt Lintz og Yasmeen Fletcher.
- Den seks episodar lange serien hadde premiere på Disney+ i juni.