Top Gun: Hollywood slår tilbake mot mogeleg kinesisk sensur

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2019, då første traileren til Top Gun: Maverick blei slept, kunne oppmerksame tilskodarar sjå at ein detalj frå 1986-originalen hadde endra seg:

To lappar på jakka til Tom Cruise sin karakter Pete «Maverick» Mitchell med det japanske og taiwanske flagget hadde forsvunne. Lappane hadde blitt erstatta med tvitydige flagg i dei same fargane. Dette fekk publikum til å reagere, og fleire spekulerte i om filmskaparane var uroa for å provosere Kina.

No rapporterer lokale medium i Taiwan at publikum applauderte då dei såg jakka på ein førpremiere i landet.

Flagga har nemleg ikkje blitt bytta ut i den endelege filmen, verken i Taiwan eller resten av verda.

Fleire internasjonale medium har omtalt saka.

Kinesisk sensur

Stemninga mellom Kina og Taiwan er spent. Kinesiske styresmakter har i årevis sett på det  sjølvstyrte demokratiske nabolandet som ein del av Kina, sjølv om dei ikkje regjerer på øya.

Det er berre 14 land i verda som anerkjenner Taiwan som ein sjølvstendig stat. Noreg er ikkje blant desse.

Kina har mellom anna lagt press på internasjonale selskap til å referere til Taiwan som kinesisk territorium, ifølgje CNN. I bytte har selskapa fått tilgang den lukrative marknaden i Kina. Mange selskap som United Airlines, Delta Airlaines, Marriott og American Express har gitt etter for presset frå kinesiske myndigheiter.

Hollywood-filmar har også blitt meir og meir sensurert dei siste åra, då det kinesiske marknaden er viktig for innteninga.

Hollywood slår tilbake

Wall Street Journal rapporterte i slutten av mai at den kinesiske teknologigiganten Tencent Holdings Ltd, trekte seg som investor av Top Gun: Maverick i frykt for reaksjonar frå styresmaktene.

Chris Fenton seier, ifølgje CNN, at Hollywood har starta å sjå at Kinas uføreseielege sensur ikkje er verdt den potensielle innteninga. Fenton er tidlegare president av DMG Entertainment og har skrive bok om Hollywood og kinesisk sensur.

Han trur det er sannsynleg at Kina kjem til å forby utgiving av den nye Top Gun-filmen til eit kinesisk publikum. Han trur også det er sannsynleg at kinesiske myndigheiter vil straffe skodespelare, filmskaparar og filmselskap med boikott over ei lengre periode.

Har allereie sett ny innteningsrekord

Den nye Top Gun-filmen har enno ikkje hatt premiere i Kina, og ikkje fått ein premieredato. Ifølgje Fenton, har Kina den siste tida prioritert patriotiske krigsfilmar i staden for Hollywood-filmar.

Top Gun: Maverick har allereie sett ein global ny innteningsrekord på 500 millionar dollar, trass i avgrensingar frå det kinesiske marknaden.


Jenny Chang (Foto: Amanda O. Berg)