«Doctor Who»: Sex Education-stjerne blir den neste Doktoren

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ncuti Gatwa blir den 14. Doktoren i serie-universet, har BBC annonsert.

– Det finst nesten ikkje ord for å skildre korleis eg har det. Ei blanding av ei stor ære, enormt gira og så klart litt redd, uttalar Gatwa på den offisielle Doctor Who-nettsida.

29-åringen er mest kjent frå rolla som Eric Effiong i Netflix-suksessen Sex Education.

Første svarte hovudrolla

Doctor Who er ein ikonisk britisk science fiction-serie som først gjekk på TV mellom 1963 og 1989, før han igjen blei vekt liv i 2005.

Serien handlar om ein tidsreisande som kallar seg Doktoren, som besøker fjerne planetar og tider i eit romskip kalla Tardis. Med jamne mellomrom byter Doktoren skikkelse, noko som gjer det mogeleg for ulike skodespelarar å spele forskjellige inkarnasjonar av same karakter.

Gatwa tar over etter Jodie Whittaker, som i dag fyller rolla som den tidsreisande doktoren. Ho blei i 2017 den første faste kvinnelege Doktoren.

Skotsk-rwandiske Ncuti Gatwa blir den første svarte skodespelaren som får rolla som Doktoren på heiltid, etter at Jo Martin i 2020 hadde ein gjesteopptreden som ein tidlegare ukjent versjon at doktoren.

– Denne rolla og denne serien betyr så mykje for så mange rundt om i verda, inkludert meg sjølv, og kvar og ein av mine utruleg talentfulle forgjengarar har handtert det unike ansvaret og privilegiet med største omhu, seier Gatwa.

Tidlegare har store stjerner som David Tennant og Matt Smith fylt Doktoren sine sko.

Showrunner-retur

Ncuti Gatwa uttalar at han vil gjere sitt ytterste for å leve opp til forgjengarane.

– Russell T Davies er nesten like ikonisk som Doktoren sjølv, og å få jobbe med han er ein draum som blir sann, held han fram.

Russell T Davies var produsent for Doctor Who frå 2005 til 2009, og returnerer no til serien som showrunner.

Davies skildrar den nye hovudrolleinnehavaren som eit stort talent, som blenda han.

– Framtida er her, og ho er Ncuti! uttalar han. 

Sex Education-stjerna vil vere å sjå i Tardisen i 2023.


Norsk-greske Amanda Tenfjord representerer Hellas i årets Eurovision. Foto: Pressefoto