Tematai (21) frå Polynesia er tidenes yngste representant i den franske nasjonalforsamlinga

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

21 år gamle Tematai Le Gayic har no fått sete i den franske nasjonalforsamlinga, 15 000 kilometer unna valkrinsen han representerer i Fransk Polynesia.

Le Gayic er med det den yngste representanten i den femte republikken i Frankrike nokosinne. I 2012 tok Marine Maréchal rekorden som 22-åring.

Vil representere dei unge

Den polynesiske politikaren ønskjer å vere ei stemme for dei unge i nasjonalforsamlinga.

– Dei representerer 60 prosent av befolkninga i Polynesia, og dei er også dei som stemmer minst, seier han, ifølgje L’Obs.

Ei undersøking syner at 76 prosent i alderen 18–24 år på landsbasis ikkje stemte i første runde av nasjonalforsamlingsvalet.

– Eg er glad, for valet av meg er eit symbol på at veljarar har tiltru til unge folk, ikkje berre på grunn av alderen deira, men på grunn av ideane deira, seier Le Gayic, ifølgje Pacific News Service.

– Unge har mobilisert på grunn av sosiale bekymringar og uroa for klimaendring. Det er eit ønskje om å sjå ei fornying av den politiske klassa og å involvere fleire unge i politikken, held han fram.

Fransk Polynesia

Le Gayic kjem frå Fransk Polynesia. Øygruppa i Stillehavet er i dag ein del av Frankrike, eit såkalla collectivité d’outre-mer, spesifikt pays d’outre-mer, som kan bli omsett til oversjøisk land.

Fransk Polynesia har i stor grad sjølvstyre, men er tett knytt til Frankrike. Frankrike kontrollerer framleis mellom anna forsvar- og utanrikspolitikk, politi, rettsvesen og immigrasjon og høgare utdanning.

Fransk Polynesia har tre representantar i nasjonalforsamlinga. Tematai Le Gayic skal no fylle eit av desse seta.

Vil ha sjølvstende

21-åringen er fødd på Tahiti, den største av øyene i Fransk Polynesia, men er vaksen opp på Tubuai, som er ein del av Australøyene.

Han representerer partiet Tavini Huira’atira («Tene folket»), og ønskjer sjølvstende for Fransk Polynesia.

– Det er morosamt for ein separatist å gå inn i Frankrikes historie, seier Tematai Le Gayic, ifølgje L´Obs.

Han seier at dei i forsamlinga ikkje vil tigge Frankrike om hjelp.

– Vi ønsker å gå frå å vere underordna til samarbeid.

Han ønsker òg at Maohiane, urfolket i Fransk Polynesia, skal bli anerkjent som eit folk.

Partiet hans vil sitje i nasjonalforsamlinga saman med medlemmar av Nupes (Nouvelle Union populaire écologique et sociale), den politiske alliansen på venstresida leia av Jean-Luc Mélenchon (La France Insoumise).

Historie, deklamasjon og tradisjonell dans

Le Gayic har allereie rokke å utmerke seg på fleire område. Han har vore representant og leiar for studentorganisasjonar, vunne deklamasjonskonkurransar, har studert politikk og historie og er student ved EHESS (École des hautes études en sciences sociales), ein av eliteskulane i Frankrike. No vil han setje studia på vent.

Han har òg undervist i polynesisk språk og dans.

Tematai Le Gayic er heller ikkje den første historiske politikaren i familien. Bestemora hans var nemleg den første kvinnelege ordføraren i Fransk Polynesia.


Musikar Gui Galão (24) er fortvila over husprisane i Portugals hovudstad Lisboa. Foto: Emilie Hansen / Fausto Ferreira